Gunnar Larsen Hav Group foto Hav Group
VINNAR PÅ BØRSEN i ÅR: Hav Group-sjef Gunnar Larsen har sett interessa for aksjen vakne til liv i år.
Nytt

Børsdagen: Høgaste kurs på to år

Meir enn dobla verdi på Hav Group hittil i år.

26.01.2026

Då 2025 ebba ut var aksjekursen i Hav Group 5,64 kroner aksjen. Klokka 12:48 i dag er den 11,55 kroner aksjen.

Det er to år sidan aksjane i selskapet vart like høgt verdsett og berre eitt selskap på Oslo Børs har hatt like stor verdistigning hittil i år. Kursen byrja å stige frå torsdag 15. januar.

Hav Group har ikkje sendt ut ei børsmelding sid 27. november i fjor. Den handla om at styremedlem Helge Simmones hadde kjøpt 10.000 aksjar til 5,62 kroner aksjen. I år har datterselskapet som driv med skipsdesign varsla i ei pressemelding at det ikkje deltek i konkurransen om å designe dei nye standardiserte fartøya til Forsvaret.

Ingen av meldingane forklarar kursauken i år. Den kom truleg i ein artikkel i Finansavisen før helga, blant anna om om to investorar  - Ulf Huse og Øystein Barmen - som kvar for seg har kjøpt seg opp i selskapet. Den auka interessa heng mellom anna saman med Karmøyselskapet Karmøy-selskapet Seam, som vart før jul blei kjøpt av sørkoreanske Hanwha Engine for rundt to milliardar kroner. Likskapen mellom det Seam driv med og det Hav Group sitt datterselskap Norwegian Electric Systems driv med gjer at Seam-salet smittar over på Hav Group-kursen, ifølgje artikkelen.

I tillegg til Norwegian Electric Systems har Hav Group eitt datteselskap som driv med skipsdesign og eitt som driv med vassrensesystem for skip og oppdrett. Satsing på system og utstyr for bruk av hydrogen som energiberar på skip, vart lagt på is tidlegare i fjor fordi marknaden ikkje utvikla seg slik Hav Group hadde venta.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med eit oversikt over aksjekursen til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at Oslo Børs stengde for dagen.

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Bioscience3,502,94 %
Atlantic Sapphire6,725-1,10 %
Endúr93,703,08 %
Golden Energy Offshore Services7,66.2,41 %
Hav Group11,8517,33 %
Havila Kystruten53,00-2,21 %
Havila Shipping0,906-1,52 %
Hexagon Composites8,26-1,08 %
Hexagon Purus1,99610,13 %
Hofseth Biocare1,284,07 %
Tinde Sparebank118,980,81 %
Salmon Evolution4,825-1,13 %
Sparebanken Møre109,220,94 %
   

Publisert: 26.01.2026 14:08

Sist oppdatert: 27.01.2026 16:00

Mer om