Trond Håkon Schaug Pettersen Salmon Evolution Fiskeri og havbrukskonferansen Raudeberg 2023 foto Ogne
BØRSVINNAR: Opptur på børsen for Salmon Evolution-sjef Trond Håkon Schaug-Pettersen etter positive tal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Høgaste kursen på eitt år

Både opptur og nedtur for landbasert oppdrett.

Marius Rosbach
07.05.2024

Lakseoppdrettarane i Salmon Evolution blei tysdagens børsvinnarar frå Nordvestlandet.

Selskapet starta dagen med å sleppe rapporten for første kvartal. Den viste at selskapet no har starta å tene pengar på det landbaserte oppdrettsverksemda.

Investorane sende Salmon Evolution-aksjen opp til ein verdi på over åtte kroner. Det har den ikkje hatt sidan april i fjor.

Sluttkursen vart ligg lågare – 7,94 kroner – etter ein oppgang på 7,3 prosent i løpet av dagen.

Også Hexagon Purus steig betydeleg i løpet av dagen av selskapa med adresse på Nordvestlandet. Aksjen slutta på 6,90 kroner etter ein oppgang på drygt 6,6 prosent.

Atlantic Sapphire som driv landbasert oppdrett i USA, var i den andre enden av skalaen tysdag med eit fall på drygt åtte prosent.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Salmon Evolution kr 7,94 7,30 %
Hexagon Purus kr 6,90 6,65 %
Hexagon Composites kr 19,00 5,20 %
Hav Group kr 10,00 2,46 %
Hofseth Biocare kr 2,15 2,38 %
Sparebanken Møre kr 84,85 0,62 %
Romsdal Sparebankkr 108,88-0,11 %
Norva 24 Group* kr. 28,25 -0,35 %
Havila Kystruten kr 0,87 -0,57 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,80 -0,83 %
Arctic Bioscience kr 10,40 -0,95 %
Endúr kr 47,00 -1,05 %
Havila Shipping kr 6,10 -3,17 %
Atlantic Sapphire kr 1,11 -8,10 %
* Kurs i SEK

Publisert: 07.05.2024 17:32

Sist oppdatert: 07.05.2024 17:32

Mer om