Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Ingen effekt av godt nytt

Flat kurs for Salmon Evolution-aksjen. Men eit anna oppdrettsselskap fekk verdiauke.

Marius Rosbach
08.07.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Salmon Evolution fortalde tidleg tysdag om godt nytt frå produksjonen ved det landbaserte oppdrettsanlegget til selskapet på Indre Harøy. 

Mellom anna kunne selskapet rapporterer om framleis betring i drifta og med ein rekordhøg produksjon på over 1700 tonn i kvartalet. 

Investorane reagerte verken negativt eller positivt, og aksjekursen vart liggande flatt på 6,25 kroner aksjen. 

I staden fekk ein annan lakseoppdrettar, Atlantic Sapphire, ein opptur på børsen med ein oppgang på over ti prosent til 9,50 kroner. Selskapet kom ikkje med nyheiter som kan forklare oppgangen. 

Elles var det ikkje store bevegelsar for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet tysdag. 

Hovudindeksen på Oslo børs enda tilnærma flatt med ein oppgang på 0,02 prosent til 1633,80 poeng. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,65 -2,41 %
Atlantic Sapphirekr                   9,50 10,31 %
Endúrkr                87,50 -1,13 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,40 0,00 %
Hav Groupkr                   7,14 0,56 %
Havila Kystrutenkr                   1,32 -0,38 %
Havila Shippingkr                   1,39 0,36 %
Hexagon Compositeskr                17,88 1,02 %
Hexagon Puruskr                   2,26 2,26 %
Hofseth Biocarekr                   1,85 3,93 %
Tinde Sparebankkr              124,98 1,44 %
Salmon Evolutionkr                   6,25 0,00 %
Sparebanken Mørekr              110,00 0,00 %
   

Publisert: 08.07.2025 17:12

Sist oppdatert: 08.07.2025 18:32

Mer om