Arctic bioscience spadetak foto 11
VENT LITT: Frå den symbolske markeringa av byggestart hos Arctic Bioscience i fjor. Med spade, medgrunnleggar Hogne Halleråker. No har selskapet sett byggestarten på vent. Foto: Arctic Bioscience
Nytt

Børsdagen: Kostnadssmell og uvisse

Utan krigen i Ukraina kunne bygginga av Arctic Bioscience-fabrikken vore i gang.

07.04.2022

Arctic Bioscience har utsett bygginga av fabrikk i Hovdebygda i Ørsta på ubestemt tid.

Selskapet produserer helsekostprodukt og basert på silderogen, og er i ferd med å teste ut eit potensielt legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis, også det basert på silderogn. Planen var å bruke 200 millionar kroner på å bygge og utstyre ein fabrikk i Hovdebygda. Eit gamalt fabrikkbygg er rive og tomta rydda, men no er byggestarten sett på vent.

Grunnen er krigen i Ukraina, som har gitt prishopp på material og uvisse om når utstyr og materiale kan leverast - eller om det i det heile er å få tak i.

Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug seier selskapet har henta inn prisen på material som skulle utgjere 40 prosent av kostnadane. Det er snakk om ein "betydeleg kostnadsauke" i høve til dei opphavlege berekningane til selskapet.

Pris og leveringstidspunkt på resten av utstyr og material har selskapet rett og slett ikkje fått svar på.

Difor er avgjerda om å bygge utsett.

Selskapet hadde venta fabrikk og utstyr ville koste 200 millionar kroner. No har selskapet ikkje oversikt og kontroll over kva det vil koste.

- Faktum er at vi sit med eit alt for tynt beslutningsgrunnlag, seier Valderhaug.

Meldinga om at bygginga er utsett kom i årsrapporten som det børsnoterte selskapet la fram i dag tidleg.

I aksjemarknaden førte korkje den utsette bygginga eller årsmeldinga ellers til store reaksjonar. Kursen enda til slutt 1,92 prosent ned samanlikna med sluttkursen i går. Kursen på 15,30 per aksje verdset selskapet til 373 millionar kroner.

Handelen var beskjeden, 25.113 av 24 millionar aksjar i selskapet skifta eigar i dag.

Dagens børsvinnar frå Nordvestlandet var offshorereiarlaget Havila Shipping, opp 6,31 prosent til 6,40 kroner per aksje, den nest høgast børsverdien i år.

I den andre enden av skalane var offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services ned ein nedgang på 6,34 prosent.

Publisert: 07.04.2022 16:53

Sist oppdatert: 07.04.2022 21:34

Mer om