Christer valderhaug arctic bioscience 11
PÅ VENT: Fabrikken i Hovdebygda er sett på vent. I år er det helsekost som skal gi inntektsvekst for Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug. Illustrasjon/foto: Arctic Bioscience/Ogne Øyehaug
Nytt

Set fabrikkbygging på vent

For stor uvisse til å bygge i Ørsta no, meiner Arctic Bioscience.

07.04.2022

Internasjonal uro, prisauke på material og utstyr og uvisse om leveringstider er grunnen til at Arctic Bioscience har utsett bygging av fabrikk i Ørsta på ubestemt tid.

Det kjem fram i årsrapporten, som er lagt fram i dag.

Les børsmelding her

Planen er å bygge fabrikk i Hovdebygda i Ørsta, der deler av det gamle fabrikkbygget er rive og byggestart vart markert i fjor. Då var prislappen 200 millionar kroner.

Arctic Bioscience har fått størst merksemd for legemiddelsatsinga si dei siste åra, men på kort sikt er det helsekostsatsinga som skal gi vekst.

Prognosen er 40 prosent vekst i salet av helsekostprodukt, i følgje rapporten om 2021-resultatet.

Arctic Bioscience håpar å ha dei første resultata av ei større uttesting av selskapet sin psoriasis-medisin i første halvår i 2023. Deretter kan arbeidet med å lisensiere produksjon starte, ifølgje årsrapporten.

Både helsekostprodukta og psoriasismedisien til Arctic Bioscience er basert på silderogn.

Arctic Bioscience AS

Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt21,520,6

Driftsresultqt

-40,6-21,7
Resultat før skatt-42,6

-22,6

Publisert: 07.04.2022 08:35

Sist oppdatert: 07.04.2022 11:21

Mer om