Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Hormuzstredet er ope for alle kommersielle skip, seier Irans utanriksminister Abbas Araghchi, og at opninga gjeld for den perioden som er att av våpenkvila.
Ifølgje Araghchi vil passering kunne skje på den koordinerte ruta som hamnar og maritime organisasjonar i Iran har offentleggjort tidlegare.
Etter utsegnene til den iranske utanriksministeren fall oljeprisen med kring 9 prosent. Ved 16-tida blei eit fat nordsjøolje handla til 86 dollar fatet. Det er første gong sidan USA gjekk til angrep på Iran at prisen har falle under 90 dollar fatet.
Også Oslo børs stupte etter meldinga. Ved stengetid var hovudindeksen ned 2,43 prosent til 1968,36 poeng. Equinor er mellom tungvektarane som fall i verdi – nær 8 prosent i løpet av dagen.
Det er uklart korleis den iranske meldinga faktisk vil påverke skipstrafikken.
– Sundet må ryddast for miner, tryggleiken for alle skip må sikrast også på sikt og så er det eit kjempestort etterslep som bidreg til at det vil ta veker før trafikken går normalt gjennom sundet, samanfattar Nordeas sjefanalytikar Thina Saltvedt i ein SMS til NTB.
Rundt ein femdel av olja i verda og flytande gass passerer til vanleg gjennom Hormuzstredet, som i praksis har vore nærast stengd sidan USA og Israel gjekk til angrep på Iran.
Full opning av Hormuzstredet har vore eit av USAs viktigaste krav i forhandlingar med Iran. USA har også innført sin eigen blokade av iranske hamner.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,46 | 2,37 % |
| Atlantic Sapphire | kr 2,33 | -22,33 % |
| Endúr | kr 109,40 | 0,74 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 8,35 | 0,60 % |
| Hav Group | kr 9,18 | 2,91 % |
| Havila Kystruten | kr 50,00 | -0,99 % |
| Havila Shipping | kr 1,23 | -2,02 % |
| Hexagon Composites | kr 10,24 | 0,49 % |
| Hexagon Purus | kr 1,12 | -3,77 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,26 | -8,03 % |
| Tinde Sparebank | 116,0,6 | -0,02 % |
| Salmon Evolution | kr 4,91 | 1,45 % |
| Sparebanken Møre | kr 116,28 | 0,69 % |
Publisert: 17.04.2026 16:11
Sist oppdatert: 20.04.2026 15:25






