Denne veka bestilte Equinor to ankerhandteringsfartøy til korte oppdrag i Nordsjøen - Njord Viking frå Viking Supply Ships og Skandi Minder frå DOF. Betaling per dag (rate) var høvesvis fire og tre millionar kroner.
Det er rater Island Offshore-sjef Tommy Walaunet aldri har sett maken til.
– Historisk høge nivå, seier han.
Det er spesielt ankerhandteringsfartøy i spotmarknaden som har fått eit kraftig oppsving i betalinga. Men sjølv om marknaden er god, presiserer sjefen for offshoreiarlaget i Ulsteinvik at det er snakk om ein marknad med store svingingar og relativt korte oppdrag.
Energi frå trygge land
Rekordratene i Nordsjøen kjem samstundes som krigen mot Iran har gjort at oljeprisen sidan midten av mars har svinga rundt 100 dollar fatet. Før krigen byrja låg den rundt 70 dollar fatet.
Walaunet meiner det no er snakk om ein balansegang.
Vanskane med å få olje frå Midtausten vil styrke interessa for å vinne ut gass og olje i trygge land, mellom andre i Noreg, som kan gi tryggare tilgang på energi.
Det vil vere ei drivkraft for auka aktivitet, både for styresmakter og bedriftene i bransjen.
Men oljeprisen må heller ikkje vere for høg - og i alle fall ikkje lenge. Det vil utløyse ein økonomisk nedtur som i sin tur vil redusere etterspørselen og dermed merkast også hos offshorereiarlaga, er Walaunet si vurdering.
Island Offshore
Offshorereiarlag med hovudkontor i Ulsteinvik.
Eigarane er Morten, Håvard, Henning og Svein Idar Ulstein og Ingunn Merete Ulstein Botnen, gjennom selskapet Borgstein og den amerikanske Chouest-familien.
Reiarlaget opererer fem plattformforsyningskip, tre ankerhandteringsfartøy, to gangvegsfartøy som blir brukt som base for arbeid på installasjonar til sjøs, to brønnintervensjonsfartøy, tre konstruksjonsskip for arbeid på havbotnen og tre fartøy som blir bruk til arbeid for å auke produksjonen frå eksisterande oljebrønnar (brønnstimuleringsfartøy). I tillegg vil reiarlaget ta levering av to nye konstruksjonsskip i 1. kvartal 2027.
Høg pris aukar interessa for alternativ
Høg, men ikkje for høg oljepris, kan sette fart på ei omlegging til bruk av energikjelder som reduserer offshorefartøya sine utslepp av CO2. Alternativa til diesel er dyrare, men ein høg oljepris reduserer skilnaden - og senkar terskelen for å ta andre energikjelder i bruk.
Walaunet ventar og at det blir ein større miks av energikjelder og -berarar i offshoreflåten, mellom anna fordi det vil gjere den mindre sårbar for slike prissjokk som Iran-krigen har utløyst.
– Over tid trur eg det blir eit større mangfold enn no, seier han.
Satsar på kombinasjonsskip
Første kvartal neste år skal Island Offshore få levert to 120 meter lange konstruksjonsskip frå Vard.
Dei blir bygd for å kunne brukast både i vindkraftmarknaden, og til oppdrag for olje- og gassnæringa. Den kombinasjonen gjer skipa mer fleksible, meiner reiarlaget.
– Eg trur ikkje vi treng å bygge spesialtonnasje for fornybarmarknaden, seier Walaunet.
Publisert: 17.04.2026 05:00
Sist oppdatert: 29.04.2026 13:33






