Børsdagen: Krympar i Atlantic Sapphire
To av grunnleggarane av Atlantic Sapphire eig no under fem prosent i selskapet.
Ved utgangen av 2022 eigde selskapet Alsco 6,8 prosent og Jea Invest 1,2 prosent i det landsbasert oppdrettselskapet Atlantic Sapphire, som driv landbasert lakseoppdrett ved Miami i USA. Alsco var også nest største eigar i det børsnoterte selskapet.
Etter kapitalutvidingane i år - der Alsco/Jea Invest ikkje gjekk inn med pengar for å oppretthalde eigarandelen sin - er den samla eigarandelen til Alsco og Jea Invest redusert til 4,22 prosent, ifølgje ei børsmelding.
Alsco har forretningsadresse i Vikebukt -akkurat som Atlantic Sapphire - med blant andre to av Atlantic Sapphire-grunnleggarane, styreleiar Johan Emil Andreassen og Bjørn-Vegard Løvik som aksjonærar. Jea Invest er Andreassen sitt investeringsselskap.
4,22 prosent eierandel tilsvarer 11.501.114 aksjer, som med dagens kurs - 5,46 kroner - er verdt til 63 millionar kroner. I dag steig kursen til selskapet 3,61 prosent, opp frå gårsdagens 5,27 kroner. Det er den lågaste kursen selskapet har hatt sidan det blei børsnotert.
I februar 2021 var kursen i Atlantic Sapphire oppe i 150 kroner aksjen.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hexagon Purus | 24,20 | 8,52 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,35 | 6,35 % |
Atlantic Sapphire | 5,46 | 3,61 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,13 | 2,91 % |
Hexagon Composites | 31,56 | 0,64 % |
Havila Shipping | 15,38 | 0,52 % |
Hav Group | 11,05 | 0,45 % |
Endúr | 46,20 | 0,43 % |
Statt Torsk | 0,98 | 0,41 % |
Hofseth Biocare | 3,17 | 0,32 % |
Arctic Bioscience | 10,80 | 0,00 % |
Havila Kystruten | 9,70 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 77,03 | -0,79 % |
Salmon Evolution | 8,12 | -0,85 % |
Norva 24* | 29,00 | -1,36 % |
Nortel | 29,00 | -3,33 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 12.04.2023 17:11
Sist oppdatert: 12.04.2023 17:15