Jon Erik Engeset David Bandelee Hexagon Composites foto Ogne
NEDTUR: Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset med finansdirektør David Bandelee. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kursfall etter resultatbetring

Betre omsetning og lønnsemd, hjalp ikkje for Hexagon Composites.

Marius Rosbach
15.02.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Investorane sende aksjekursen ned for Hexagon Composites etter at selskapet tidleg torsdag la fram rapporten for fjerde kvartal i fjor.

Aksjen blei torsdagens børstapar av dei noterte selskapa frå Nordvestlandet.

Rapporten viste at selskapet for første gong omsette for meir enn fem milliardar i løpet av fjoråret. Lønnsemda på drifta var også betre mot slutten av 2023, samanlikna med tidlegare.

Samtidig skreiv selskapet ned verdien av eigarskapen i Hexagon Purus med kring 700 millionar.

Fallet for aksjen blei brattare utover dagen. Sluttkursen på 21,62 kroner utgjer ein nedgang på meir enn sju prosent. Kursen har ikkje vore lågare sidan i fjor sommar.

Oppdrettsselskapet Salmon Evolution gjekk mest opp av dei børsnoterte selskapa frå regionen. Etter ein oppgang på meir enn tre prosent, slutta aksjen på 6,69 kroner.

Hovudindeksen på Oslo børs slutta svakt opp på 1.252,24 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Salmon Evolution kr 6,68 3,25 %
Atlantic Sapphire kr 1,75 2,82 %
Hav Group kr 11,00 1,38 %
Havila Shipping kr 4,66 1,20 %
Havila Kystruten kr 0,82 0,49 %
Sparebanken Møre kr 85,50 0,47 %
Hexagon Purus kr 7,55 0,13 %
Statt Torsk kr 0,53 0,00 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,42 -0,84 %
Norva 24 Group* 27,05 kr -1,46 %
Hofseth Biocare kr 2,40 -2,04 %
Endúr kr 40,40 -2,65 %
Arctic Bioscience kr 9,60 -2,83 %
Hexagon Composites kr 21,62 -7,84 %
* Kurs i SEK

Publisert: 15.02.2024 16:42

Sist oppdatert: 15.02.2024 16:50

Mer om