Roger Hofseth foto Ogne
KURSHOPP: Storeigar Roger Hofseth i Hofseth Biocare, som tysdag hadde nyheiter som investorane tolka positivt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kurshopp etter melding

Hofseth Biocare dagens vinnar. Atlantic Sapphire fell tilbake.

Marius Rosbach
14.04.2026

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Hofseth Biocare-aksjen gjorde eit hopp tysdag føremiddag etter at selskapet sendte ut ei melding om verknadene av deira helsekostprodukt. 

Midt på dagen var kursen opp 30 prosent til 1,85 kroner aksjen. Det gjorde selskapet til dagens børsvinnar på Oslo børs på det tidspunktet. Den største handelen som var gjort til då var på knappe 300.000 aksjar. Utover dagen fall kursen og dagen enda på 1,50 kroner aksjen - ei auke på drygt 7 prosent.

I børsmeldinga fortel selskapet at resultata frå ein studie der personar gjennom 14 veker hadde nytta Hofseth Biocare sitt OmeGo-produkt, og eit anna produkt. 

Dei som hadde nytta Hofseth-produktet hadde ei auke på den sokalla omega 3-indeksen med 70 prosent etter 14 vekers bruk, samanlikna med konkurrenten. Selskapet påpeiker at deira produkt samtidig inneheld mindre EPA og DHA (type omega-3 fettsyrer, journ. anm.) enn det andre tilskotet som blei nytta i undersøkinga. 

Atlantic Sapphire-aksjen var i den andre enden av skalaen av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet tysdag.

Aksjen hadde ved 12-tida falle 17 prosent til 1,77 kroner – etter ein kraftig kursoppgang dagen føre. Aksjen enda dagen på det nivået.

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,23 -0,31 %
Atlantic Sapphirekr                   1,75 -17,87 %
Endúrkr              108,00 0,37 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                   8,50 -2,30 %
Hav Groupkr                   9,10 1,56 %
Havila Kystrutenkr                50,00 2,46 %
Havila Shippingkr                   1,23 1,66 %
Hexagon Compositeskr                10,20 -1,92 %
Hexagon Puruskr                   1,19 7,01 %
Hofseth Biocarekr                   1,50 7,14 %
Tinde Sparebankkr              116,40 0,33 %
Salmon Evolutionkr                   4,92 0,20 %
Sparebanken Mørekr              116,64 0,25 %
   

Publisert: 14.04.2026 11:47

Sist oppdatert: 14.04.2026 17:22

Mer om