Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Atlantic Sapphire-aksjen vart måndagens vinnar på Oslo børs. Då handelen slutta hadde verdien stige nær 85 prosent til 2,13 kroner.
Aksjen skaut opp frå start til over 90 prosent. Den største handelen som var gjort i morgentimane var på kring 183.000 aksjar som skifta eigar kort tid etter opning. Posten utgjer kring 0,5 prosent av aksjane i selskapet.
Atlantic Sapphire driv med landbasert oppdrett i Florida, og har hovudkontoradresse i Vestnes. Nyleg fekk selskapet eit lån som gav økonomisk pusterom til midten av mai. Trass måndagens oppgang har aksjekursen falle nær 70 prosent i løpet av 2026.
Tidleg måndag kom selskapet med ei oppdatering om drifta i ei børsmelding. Den viste at det blei slakta 1504 tonn sløyd laks i det første kvartalet i år – det er litt opp frå 1183 tonn i siste kvartal i 2025.
Slaktevekta låg i snitt på 3,2 kilo – ei auke på 300 gram frå 4. kvartal i 2025. Salsprisen gjekk også opp og var på 9,32 dollar per kilo mot 8,28 dollar per kilo i kvartalet før.
I løpet av kvartalet auka selskapet volumet av fisk i anlegget med 1859 tonn – opp frå 1683 tonn i 4. kvartal 2025. Ved utgangen av perioden hadde dei 3420 tonn laks i anlegget – litt ned frå perioden før.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,24 | 4,52 % |
| Atlantic Sapphire | kr 2,13 | 84,90 % |
| Endúr | kr 4,60 | 0,75 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 8,70 | 2,96 % |
| Hav Group | kr 8,96 | -0,44 % |
| Havila Kystruten | kr 48,80 | -0,41 % |
| Havila Shipping | kr 1,21 | -0,41 % |
| Hexagon Composites | kr 10,40 | -1,17 % |
| Hexagon Purus | kr 1,11 | -1,24 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,40 | -1,75 % |
| Tinde Sparebank | kr 116,00 | 0,00 % |
| Salmon Evolution | kr 4,91 | -4,47 % |
| Sparebanken Møre | kr 114,30 | 0,25 % |
Publisert: 13.04.2026 11:42
Sist oppdatert: 15.04.2026 16:31






