Børsdagen: Kystruten-emisjon i vasken
Reiarlaget droppar reparasjonsemisjonen.
Havila Kystruten gjennomfører ikkje ein reparasjonsemisjon der målet var å hente inn opptil 48 millionar kroner. Det opplyser reiarlaget i ei børsmelding fredag.
Styret fekk fullmakt frå ei ekstraordinær generalforsamling i slutten av desember, til å gjere ein reparasjonsemisjon til 12 kroner aksjen.
Det var tidleg klart at tilleggsemisjonen hang i ein tynn tråd ettersom aksjekursen har vore under emisjonskursen.
Kursen fall i kjølvatnet av at selskapet henta inn 300 millionar kroner i ein retta emisjon tidlegare i desember.
«Antall omsatte aksjer tilsier at aksjonærer som har ønsket å redusere utvanningseffekten av den gjennomførte kapitalutvidelsen,har hatt muligheter til det til kurser på nivå med eller under tegningskursen», heiter det i meldinga.
Tidleg fredag ettermiddag er aksjen opp 0,97 prosent til 10,40 kroner.
Saka er oppdatert med børstabell for Nordvestlandet etter at børshandelen stengte for dagen.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Nortel | 22,80 | 14,00 % |
Havila Shipping | 20,25 | 5,03 % |
Hav Group | 8,57 | 2,20 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,55 | 1,97 % |
Havila Kystruten | 10,40 | 0,97 % |
Arctic Bioscience | 11,10 | 0,91 % |
Sparebanken Møre | 82,48 | 0,68 % |
Endúr | 27,60 | 0,36 % |
Hexagon Purus | 25,50 | 0,00 % |
Norva 24* | 34,58 | -0,12 % |
Atlantic Sapphire | 10,17 | -0,49 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,92 | -0,68 % |
Statt Torsk | 1,63 | -0,91 % |
Hofseth Biocare | 3,06 | -1,29 % |
Salmon Evolution | 8,01 | -1,48 % |
Hexagon Composites | 32,98 | -1,79 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 27.01.2023 13:34
Sist oppdatert: 27.01.2023 16:50