Havila Kystruten-emisjon fullført
Får inn 300 millionar kroner til 12 kroner aksjen - drøyt fem kroner under sluttkursen onsdag.
Litt før midnatt onsdag 21. desember var kapitalutvidinga i boks for Havila Kystruten som annonserte emisjonen etter at børsen stengde onsdag.
Selskapet fekk inn 300 millionar kroner til kurs 12 kroner aksjen. Kapitalutvidinga var organisert slik at interessa frå investorane avgjorde kva som blei aksjekursen kapitalutvidinga vart gjort til.
Etter at Havila Kystruten vart børsnotert i august 2021 er den lågaste kursen aksjar i i selskapet vore handla i 15,95. Toppnoteringa er over 25 kroner aksjen.
Sævik-familiens holdingselskap Havila Holding, er den største deltakaren i emisjonen og går inn med 182 millionar kroner. Havila Holding eig 60,4 prosent før emisjonen, og opprettheld eigarandelen etterpå.
Ny utsetting
Havila Kystruten varsla tysdag at reiarlaget utset første tur, med sitt tredje av fire fartøy, med over ein månad. Selskapet risikere at styresmaktene pålegg selskapet å betale dagbøter for å ikkje ha skipet klart etter avtalen, ifølgje Finansavisen.
Havila Kystruten seglar gods- og passasjerruta Bergen - Kirkenes saman med Hurtigruten ASA, og får statsstøtte til drifta gjennom ein avtale med staten.
Publisert: 22.12.2022 00:09
Sist oppdatert: 22.12.2022 01:11