Salmon evolution montasje håkon andre berg kar med vann foto marius salmon evolution 11
NØGD MED VEKSTEN: Salmon Evolution-sjef Håkon André Berg var nøgd med veksten for laksen ved anlegget på Indre Harøy. Foto: Marius Rosbach/Salmon Evolution
Nytt

Børsdagen: Oppdrettar fall etter godt nytt

To andre selskap frå Nordvestlandet gjorde seg gjeldande på vinnarlista.

Marius Rosbach
18.08.2022

Salmon Evolution fekk ikkje uttelling i aksjemarknaden torsdag, etter at dei starta dagen med å fortelje at dei hadde overgått sine eigne forventingar.

Ved børsslutt var aksjekursen falle med 3,5 prosent til 9,10 kroner.

Halvårsrapporten frå selskapet viste at snittvekta til laksen som blei sett ut i det landbaserte oppdrettsanlegget i mars, no er komen opp i 2,3 kilo. Det er omlag 20 prosent høgare enn selskapet hadde rekna med.

Rapporten viste også eit underskot før skatt på 12 millionar kroner for selskapet som enno ikkje har slakta sin første laks. Det reknar dei med å gjere i november.

Arctic Bioscience og Endur var i staden selskapa som fekk best kursutvikling av selskapa frå regionen torsdag. Ingen av dei sende i løpet av dagen ut børsmeldingar.

Arctic Bioscience-aksjen steig 7,8 prosent til 15,20 kroner, medan Endur-aksjen steig heile 11,97 prosent til 29 kroner aksjen. Sistnemnte var dagens 4. største auke på Oslo børs.

Hovudindeksen på Oslo børs steig med 0,69 prosent til 1,265,69.

I løpet av dagen auka også sentralbanken renta - som venta - med 0,5 prosent. Samtidig varsla sentralbanksjef Ida Wolden Bache endå ein renteauke neste månad.

Børstabell for selskapa frå Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Endúr 29 11,97 %
Arctic Bioscience 15,2 7,80 %
Nortel 21,4 4,90 %
Havila Kystruten 18,35 3,09 %
Hexagon Composites 31,84 1,60 %
Atlantic Sapphire 20 1,42 %
Hav Group 13,8 0,73 %
Sparebanken Møre 75,2 0,67 %
Statt Torsk 2,3 0,00 %
Havila Shipping 15,52 -0,13 % |
Hexagon Purus 26,56 -0,60 %
Havyard Group 3,73 -0,93 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 36,915 -1,82 %
Hofseth Biocare 3,4 -2,02 %
Salmon Evolution 9,1 -3,50 %
Golden Energy Offshore Services 2,16 -5,26 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 18.08.2022 16:37

Sist oppdatert: 18.08.2022 17:13

Mer om