Overgår eigne forventningar
Laksen veks raskare enn Salmon Evolution rekna med.
Gjennomsnittsvekta til laksen som Salmon Evolution sette ut i sitt landbaserte oppdrettsanlegg i mars i år er no komen opp i 2,3 kilo. Det er omlag 20 prosent høgare enn selskapet hadde rekna med på denne tida.
Les børsmelding med halvårsrapport her
Salmon Evolution sette ut meir smolt i anlegget i Indre Harøy i juli og ligg i rute for å kunne produsere 25 tusen tonn laks i året frå 2024, ifølgje halvårsrapporten.
Sjå resultatpresentasjon direkte klokka 08:00 eller i opptak her
Les også
Til Nord-Amerika
I juni i år lanserte Salmon Evolution ein plan om å etablere eit landbasert oppdrettsanlegg i Nord-Amerika.
Selskapet skal bruke året på å kartlegge aktuelle stadar å byggje anlegget og målet er byggjestart i 2025/2026.
Salmon Evolution er allereie i gang med å førebu eit landbasert anlegg i Sør-Korea, saman med sin sør-koreanske partnar, Dongwon Industries. Planen er å bruke erfaringane frå både Indre Harøy og Sør-Korea når anlegget i Nord-Amerika skal planleggast og byggast.
Kapitalutviding
I april i år henta Salmon Evolution inn 300 millionar kroner i ny eigenkapital til ni kroner aksjen.
Kapitaltuvidinga skal brukast til å bygge steg to av tre ved anlegget på Indre Harøy, til å utvide smoltkapasiteten og til generell drift.
Før børsopning i dag er aksjekursen 9,43 kroner, som verdset selskapet til 3,26 milliardar kroner.
Ideen om å bruke den nedlagde steinbrotet i Indre Harøy til eit landbasert oppdrettsanlegg, og den første finansieringa av selskapet kom frå Nordvestlandet.
Største aksjonær er Halsebakk-familien sitt selskap Ronja Capital II (8,6 prosent). Odd Einar Sandøy og familie eig 4,3 prosent gjennom selskapet Rofisk (som eig brønnbåtreiarlaget Rostein). Tidlegare Optimar-medeigar Peder Stette og familie eig 3,6 prosent gjennom selskapet Stette Invest. Artec Aqua-grunnleggaren eig 3,6 prosent gjennom selskapet Artec Holding. Tidlegare Optimar-medeigar Frode Håkon Kjølås eig 3,5 prosent gjennom selskapet Kjølås Stansekniver.
Salmon Evolution ASA | ||
1.halvår. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 19,5 | 0 |
Driftsresultat | -24,9 | -20,8 |
Resultat før skatt | -12,0 | -15,6 |
Salmon Evolution ASA | ||
2. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 12,7 | 0 |
Driftsresultat | -13,9 | -14,0 |
Resultat før skatt | -10,5 | -10,0 |
Publisert: 18.08.2022 07:35
Sist oppdatert: 18.08.2022 10:19