At du må betale rundt 13 prosent rente for eit lån skulle normalt ikkje løfte aksjekursen til eit selskap, men det gjorde det for Havila Kystruten i dag.
Aksjekursen steig 6,09 prosent etter at selskapet i dag tidleg melde at det har ein avtalte om å låne 305 millionar Euro for å refinansiere og fri seg frå sin opphavlege låpngivar, det stateigde russiske finansieringssekskapet GTLK.
Aksjen steig også trass i at Havila Kystruten må skaffe ytterlegare 85 millionar Euro for å bli fullt refinansiert - og at selskapet skriv i børsmeldinga at nok ei kapitalutviding kan bli aktuell for å få den finansieringa på plass.
Hexagon Purus kom og med ei melding, om at selskapet har inngått ei femårig rammeavtale med eit ikkje namngitt internasjonalet energiselskap om å lever tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Avtalen har ein potensiell verdi på 27 millionar Euro.
AKtørane i aksjemarknaden såg ikkje ut til å bry seg. Ved børsslutt var kursen 0,71 prosent under sluttkurs i gåpr.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Kystruten | 1,22 | 6,09 % |
Hav Group | 9,64 | 5,01 % |
Sparebanken Møre | 76,90 | 1,32 % |
Salmon Evolution | 6,63 | 1,07 % |
Endúr | 38,80 | 0,26 % |
Norva 24* | 25,55 | 0,20 % |
Nortel | 29,00 | 0,00 % |
Statt Torsk | 0,60 | 0,00 % |
Hexagon Purus | 19,68 | -0,71 % |
Hexagon Composites | 28,80 | -0,96 % |
Havila Shipping | 12,10 | -1,63 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,16 | -1,70 % |
Hofseth Biocare | 2,45 | -2,78 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,90 | -3,01 % |
Atlantic Sapphire | 6,15 | -3,61 % |
Arctic Bioscience | 9,74 | -6,79 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 05.07.2023 17:12
Sist oppdatert: 05.07.2023 17:12