Børsdagen: Lønsam krangel
Solstad Offshore rett opp etter Aker-kjøp. Sjå dagens børstabell.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under:
Då børshandelen opna fredag spratt aksjekursen i Solstad Offshore opp frå 35,60 kroner til 44,86 kroner.
Mot slutten av dagen fall kursen tilbake til 37,20 kroner aksjen og ein oppgang på 4,49 prosent i løpet av dagen.
Årsaka til oppgangen var ei børsmelding torsdag kveld om at Aker Capital har kjøpt 8.240.000 aksjar i offshorereiarlaget. Aker Capital er eigd av det Kjell Inge Røkke-dominerte Aker-konsernet, som eig 27.089.493 aksjar i Solstad Offshore. Det utgjer ein eigarandel på 32,9 prosent.
Solstad Offshore er resultatet at det opprinnelege Solstad Offshore, slukte både Farstad Shipping og Rem Offshore etter krisasom starta med oljeprisfallet i 2014.
Ei ny refinansiering av selskapet i haust har fått investor og Solstad Offshore-aksjonær Christen Sveaas til å mobliisere. Sveaas-selskapet Kistefoss krev ekstraordinær generalforsamlig for å ta stilling til søksmål mot styret etter det Sveaas meiner er er grov forskjelsbehandling av aksjonærane, til fordel for Aker.
Stig Remøy er blant dei som har kjøpt seg opp i Solstad Offshore etter at striden braut ut, og Sveaas har også fått støtte frå ein større amerikanske investor.
Få dagar før refinansieringa av Solstad Offshore vart offentleggjort i oktober var aksjekursen opp i 32,50 kroner. 30. oktober hadde den falle til 22,30 kroner.
7. desember, då Sveaas gjekk ut med kritikken av refinansieringa, var kursen 27,66 kroner.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Atlantic Sapphire | kr 1,69 | 12,80 % |
Hexagon Purus | kr 11,04 | 9,74 % |
Havila Shipping | kr 5,97 | 4,74 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | kr 3,40 | 4,62 % |
Hexagon Composites | kr 26,66 | 4,30 % |
Norva 24 Group* | 24,35 kr | 3,62 % |
Hav Group | kr 9,62 | 2,12 % |
Endúr | kr 38,60 | 0,78 % |
Sparebanken Møre | kr 79,00 | 0,62 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,22 | 0,50 % |
Hofseth Biocare | kr 2,69 | 0,00 % |
Statt Torsk | kr 0,83 | -0,95 % |
Salmon Evolution | kr 6,37 | -2,00 % |
Havila Kystruten | kr 0,78 | -4,39 % |
Arctic Bioscience | kr 8,20 | -7,45 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 15.12.2023 09:59
Sist oppdatert: 15.12.2023 16:51