Nordmand maximus foto wikimedia commons 11
VERDSETT TIL EIN MILLIARD: Konstruksjonsskipet Normand Maximus er ein del av den siste refinansieringa av Solstad-konsernet. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Solstad-refinansiering

Aker går inn med 2,25 milliardar kroner i kontantar i nytt selskap, som tek over storparten av flåten.

23.10.2023

Refinansieringa skal skape ei "robust industriell plattform" ifølgje ei børsmelding.

Det er Aker-konsernet sitt datterselskap Aker Capital som går inn med ny eigenkapital, som ein del av refinansieringa av Solstad Offshore-konsernet. Aker går innmed 2,25 milliardar i kontantar og overfører i tillegg aksjane i selskapet som eig skipet Normand Maximus i bytte mot nye aksjar i Solstad - verdsett til ein milliard kroner.

Eigenkapitalen skal skytast inn i eit nyetablert selskap i Solstad Offshore-konsernet. Når heile refinansieringprosessen er fullført vil Solstad-konsernet ha eit nytt morselskap på toppen av konsernet.

Refinansieringa inneber også at Solstad-konsernet får eit nytt lån på 9,7 milliardar kroner med DNB og Eksfin. Det erstattar dagens flåtelån som går ut 31. mars 2024.

Slukte Farstad og Rem
Både Farstad Shipping i Ålesund og Rem Offshore i Herøy blei slukt inn i Solstad Offshore-konsernet under krisa for offshorereiarlaga etter oljeprisfallet i 2014.

Solstad Offshore er det klart største offshorereiarlaget i Noreg.

Aker-dominans
Aker blir dominerande eigar i det nye selskapet, og har rett til å utnemne over halvparten av styremedlemane. Planen er også å børnotere det nye selskapet.

I tillegg til ny eigenkapital frå Aker blir dei andre eigarane i Solstad Offshore invitert til å skyte inn 750 millionar kroner i ny eigenkapital. Gjer dei det vil Solstad Offshore-konsernet styrke eigenkapitalen med til saman fire milliardar kroner.

I dagens Solstad Offshore eig Aker 25 prosent av aksjane.

Refinansieringa omfattar også ei deling av eigarskapen til Solstad Offshore-fartøya. 35 fartøy, både konstruksjonsskip og ankerhandteringsfartøy, skal eigast av det nye morselskapet, sju fartøy og medeigarskap i eit åttande, skal framleis eigast av Solstad Offshore



Publisert: 23.10.2023 08:38

Sist oppdatert: 23.10.2023 17:30

Mer om