Børsdagen: Må få opp kursen
Millionopsjonane til den nye Salmon Evolution-sjefen er verdilause med dagens kurs.
Trond Håkon Schaug-Pettersen har 2,6 millionar aksjeopsjonar som til saman gir han rett til å kjøpe 2,6 millionar aksjar i selskapet.
Skal han ha noko glede av desse opsjonane, må kursen opp.
Schaug-Pettersen kom til det landbaserte oppdrettselskapet Salmon Evoution som finansdirektør i 2021. Då fekk han 800.000 opsjonar, som gir han rett til å kjøpe like mange aksjar i selskapet. Halvparten kan han kjøpe etter å ha eigd opsjonane i eitt år, resten etter å ha hatt opsjonane i to år - altså til sommaren 2023.
Opsjonsordninga i selskapet er innført for at toppleiinga i Salmon Evolution skal ha noko å strekkje seg etter. Klarer dei å drive selskapet på ein slik måte at aksjekursen stig, blir også leiarane rikare.
Kursen Schaug-Pettersen og resten av toppleiinga får kjøpe aksjar til, er sett til kursen då opsjonane blir tildelt, pluss 15 prosent.
For dei 800.000 opsjonane Schaug-Pettersen fekk i 2021 er kursen han får kjøpe til sett til ni kroner.
Han fekk nye 800.000 opsjonar sommaren 2022. Der er kursen aksjar kan kjøpast til sett til omlag 10 kroner. Er kursen under dette nivået er det ingen vits å bruke opsjonen. Då er det billegare å kjøpe aksjane på børsen.
Etter at Schaug-Pettersen vart tilsett som fast dagleg leiar i Salmon Evolution, varsla selskapet tysdag at han får tildelt ytterlegare ein million aksjeopsjonar til sommaren i år. Også der blir kursen han får kjøpe, lik børskursen på det tidspunktet, pluss 15 prosent.
Då Salmon Evolution vart børsnotert i september 2020 var kursen 7,40 kroner aksjen.
I fire periodar i fjor har kursen i Salmon Evolution vore over ni kroner aksjen, i januar-februar og mars-april i 2022 og kortare periodar i august og november i 2022.
I år har toppnoteringa vore 8,58 kroner aksjen. Onsdag fall kursen 1,09 prosent til 8,20 kroner aksjen, som verdset selskapet til 2,8 milliardar kroner.
Les også
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Nortel | 20,00 | 8,11 % |
Hexagon Composites | 32,18 | 1,96 % |
Sparebanken Møre | 80,41 | 1,21 % |
Havila Kystruten | 11,30 | 0,89 % |
Endúr | 32,00 | 0,31 % |
Atlantic Sapphire | 7,23 | 0,07 % |
Hofseth Biocare | 3,09 | -0,32 % |
Havila Shipping | 12,60 | -0,32 % |
Statt Torsk | 1,75 | -0,57 % |
Hav Group | 8,40 | -0,59 % |
Norva 24* | 33,98 | -0,64 % |
Arctic Bioscience | 10,00 | -0,99 % |
Salmon Evolution | 8,20 | -1,09 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,31 | -1,87 % |
Hexagon Purus | 24,28 | -1,94 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,90 | -3,33 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 11.01.2023 16:42
Sist oppdatert: 11.01.2023 19:36