Trond Håkon Schaug Pettersen Artec Aqua tank hos Salmon Evolution foto Salmon Evolution Artec Aqua
NY SJEF: Trond Håkon Schaug-Pettersen (innfelt) byrja som finansdirektør i Salmon Evolution i januar 2021. Frå oktober 2022 har han vore mellombels leiar for selskapet inntil han no er tilsett som toppsjef. Foto: Salmon Evolution/Artec Aqua
Nytt

Valde sjef frå eigne rekkjer

Tidlegare finansdirektør blir toppsjef i Salmon Evolution. Erstattaren kjem frå Ekornes.

10.01.2023

Finansdirektør Trond Håkon Schaug-Pettersen blei konstituert som toppsjef i oktober i fjor, medan styret arbeidde med å finne ein ny leiar etter at Håkon André Berg trekte seg.

No har styret avgjort at det er Schaug-Pettersen som får leiarjobben.

- Styret er nøgd med at ein intern kandidat tek over leiarskapet, seier styreleiar Tore Tønseth i ei børsmelding.

Les børsmeldinga her

Schaug-Pettersen byrja som finansdirektør i Salmon Evolution i januar 2021 og har hatt både finansdirektør- og toppsjefsjobben sidan Berg gjekk av.

No er også ny finansdirektør på plass, Trond Vadset Veibust.

Vadset Veibust kjem frå Ekornes-konsernet, der han har arbeidd i åtte år, dei tre siste i toppleiinga.

Trond Vadset Veibust ukjent fotograf
NY FINANSDIREKTØR: Trond Vadset Veibust går frå Ekornes til finansdirektørjobben i Salmon Evolution

Salmon Evolution driv landbasert lakseoppdrett i Indre Harøy i Romsdal. Selskapet slakta sin første laks i fjerde kvartal i fjor.

Det andre utsettet av smolt hos Salmon Evolution er no oppe i i ei gjennomsnittsvekt på 1,85 kilo og skal slaktast i andre kvartal i år, ifølgje ei oppdatering frå Salmon Evolution 4. januar i år.

Publisert: 10.01.2023 08:39

Sist oppdatert: 10.01.2023 11:18

Mer om