Børsdagen: Nedtur etter skipssal
Etter at Havila Shipping varsla at selskapet må selje tre skip har aksjekursen falle frå 9,40 til 6,20 kroner aksjen.
Det er plattformforsyningsfartøyet Havila Commander og ankerhandteringsfartøya Havila Jupiter og Havila Venus som blir seld, etter krav frå långivarane. Refinansieringsavtalen frå 2020 sikra långivarane rett til å kreve sal, og no gjere det det - mot reiarlaget sin vilje.
Ved inngangen til denne veka var Havila Shipping verdsett til 223 millionar kroner. Dagens kurs verdset selskapet til 147 millionar kroner, og truleg er skipssalet mykje av forklaringa på fallet.
Optimismen er attende hos offshorereiarane, og dei tre skipa kunne gitt Havila Shipping gode inntekter framover.
Ifølgje Finansavisen er det John Fredriksen-kontrollerte Seatanker som kjøper to av fartøya, ankerhåndteringsfartøya «Havila Jupiter» og «Havila Venus», og offshorereiarlaget DOF som skal drive dei.
Etter det Finansavisen erfarer, skal Fredriksen ha betalt i underkant av 30 millionar dollar for kvart fartøy. Det er tilsaman omløag 650 millionar kroner. Avisa skriv at ein meir "normal" pris på fartøya er 45 millionar dollar krav. Om avisa har rett går Havila Shipping glipp av både eit inntektspotensiale og ein gevinst på salet.
6,20 kroner aksjen er den lågaste kursen Havila Shipping har hatt sidan mai 2022.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Atlantic Sapphire | 1,38 | 8,32 % |
Hexagon Purus | 10,78 | 5,27 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 2,50 | 1,21 % |
Hofseth Biocare | 2,89 | 1,05 % |
Statt Torsk | 0,48 | 0,00 % |
Arctic Bioscience | 9,00 | 0,00 % |
Hav Group | 9,06 | -0,44 % |
Salmon Evolution | 5,98 | -0,83 % |
Endúr | 39,50 | -1,25 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,27 | -1,40 % |
Norva 24 Group* | 18,50 | -1,60 % |
Sparebanken Møre | 75,50 | -1,60 % |
Havila Kystruten | 0,80 | -2,44 % |
Hexagon Composites | 25,50 | -3,19 % |
Havila Shipping | 6,20 | -17,33 % |
* Kurs i SEK |
Publisert: 01.11.2023 17:27
Sist oppdatert: 17.11.2023 07:07