Havila Shipping sel tre skip
Sel Havila Commander, Havila Jupiter og Havila Venus etter krav frå långivarane.
I ei kortfatta børsmelding skriv offshorereiarlaget Havila Shipping at det sel plattformforsyningsfartøyet Havila Commander og ankerhandteringsfartøya Havila Jupiter og Havila Venus.
Salet skjer etter "etter krav fra långivere, og i henhold til gjeldende restruktureringsavtale", heiter det i børsmeldinga.
Restruktureringsavtalen det er vist til vart inngått i 2020, og sikra mellom anna bankane som har finansiert dei tre fartøya rett til å kreve sal. Det har dei no gjort.
Åtte skip igjen
Når dei tre fartøya er overlevert til nye eigarara sit Havila Shipping att med seks plattformforsyningsskip og to subsea-skip. I tillegg driv reiarlaget seks fartøy for andre.
Dei tre fartøya som blir selde skal ikkje drivast vidare i regi av Havila Shipping opplyser finansdirektør Arne Johan Dale.
Prisen for fartøya er ikkje opplyst.
Havila Shipping skriv at salssummen vil bli brukt til nedbetaling av gjeld og vil ha avgrensa effekt på likviditeten i selskapet.
Publisert: 30.10.2023 09:17
Sist oppdatert: 30.10.2023 11:13