Trond Nydal foto Ogne f
MOTVIND: I fjor hadde eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre medvind på børsen. I år av Sparebanken Møre-sjef Trond Nydal (biletet) og medeigarane sett kursen falle.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Nedtur for Sparebanken Møre-eigarane

Gjennom 2021 var eigenkapitalbevis i Sparebanken Møre ein vinnar i verdipapirmarknaden. Så snudde det.

28.07.2022

Om kursutviklinga til eigenkapitalbevisa til Sparebanken Møre er eit varsel om utviklinga til næringslivet på Nordvestlandet ser det litt skummelt ut.

Kursutviklinga speglar forventingar, og når bankaksjar eller eigenkapitalbevis går opp er det naturleg å tenkje at investorane ventar banken skal bli meir lønsam. Det er gjerne lettast å oppnå i gode tider, når bedriftene investerer og låner pengar - og tener nok til å kunne gjere opp for seg.

Blir det tøffare tider fell investeringane, låneetterspørselen krympar og faren for at bedrifter går overende aukar. Det er dårleg nytt, også for bankane.

Eigenkapitalbevis er eit aksjeliknande verdipapir for sparebankar. Sparebanknar med eigenkapitalbevis er delvis sjølveigande og delvis eigd av eigenkapitalbeviseigarane. I løpet av 2021 steig kursen frå 59,20 kroner per grunnfondsbevis til 88,60 kroner ein oppgang på nesten 50 prosent.

Kursveksten held fram inn i dette året. Toppen blei nådd 26. januar med 97,8 kroner per grunnfondsbevis.

Etterpå har det gått gradis og stabilt nedover, trass ein liten opptur i dag (sjå tabell). Ved børsslutt vart eigenkapitalbevis i Sparebanken Møre handla til kurs 72,76 kroner, over 25 prosent ned sidan toppen i slutten av januar og 18 prosent sidan årsskiftet.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hexagon Composites 30,14 4,36 %
Havyard Group 4,1 3,54 %
Hexagon Purus 27 2,74 %
Havila Kystruten 18,95 1,34 %
Sparebanken Møre 72,76 1,28 %
Golden Energy Offshore Services 1,745 0,87 %
Atlantic Sapphire 22 0,46 %
Arctic Bioscience 15 0,33 %
Norva 24* 35,755 0,03 %
Nortel 18,6 0,00 %
Salmon Evolution 8,87 -0,34 %
Hofseth Biocare 3,63 -1,36 %
Hav Group 13,8 -1,43 %
Endúr 22,9 -2,09 %
Havila Shipping 14,28 -3,12 %
Statt Torsk 2,38 -3,64 %
*Svenske kroner

Publisert: 28.07.2022 16:55

Sist oppdatert: 28.07.2022 16:55