Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11 2021 04 21 142058 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
PÅ LAND: Atlantic Sapphire har flytta oppdrett på land og innomhus. Hovudanlegget ligg ved Miami i USA. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Nedtur før reparasjonsemisjon

Atlantic Sapphire er dagens børstapar blant selskapa på Nordvestlandet.

10.08.2022

Oppdrettselskapet med hovudkontoradresse på Vestnes og landbaserte oppdrettsanlegg ved Miami i USA henta tidlegare i sommar inn 1,2 milliardar kroner i ein såkalla retta emisjon.

Ein retta emisjon er ikkje open for alle, og no får aksjonærane som ikkje fekk vere med på den store kapitalutviding sjansen i ein såkalla reparasjon, der de skal delast ut inntil ni millionar nye aksjar.

Melding om kapitalutvidinga, som mellom anna medfører at eksisterande aksjonærar får ein litt mindre andel i selskapet, såg ikkje an til å slå an blant investorane. Kursen fall 4,96 prosent samanlikna med sluttkurs i går.

Les børsmelding frå Atlantic Sapphire her

Seks andre selskap på NETT NO sin liste (sjå tabell) hadde også kursfall i dag. Kursen steig hos sju selskap, med Golden Energy Offshore Services på topp.

Hovudindeksen på børsen gjekk ned 0,52 prosent.

Sparebanken Vest, som opna kontor i Ålesund i fjor, har lagt fram halvårstala for 2022.

Banken hadde 2,4 milliardar kroner i inntekter (2,1) og 1,6 milliardar i resultat før skatt (1,4) i første halvår. (Tilsvarande tal for same periode i 2021 står i parantes).

Utlånsveksten i personmarknaden er på 10,8 prosent, og 13,7 prosent i bedriftsmarknaden i siste 12-månadarsperiode.

Les børsmelding frå Sparebanken Vest her

Sparebanken Sogn og Fjordane hadde 620 millionar kroner i inntekter (610) i inntekter og 374 millionar i resultat før skatt (367) i første halvår 2020 viser delårsrapporten banken har lagt fram i dag. (Tilsvarande tal for same periode i 2021 står i parantes).

I den siste 12-månadersperioden har Sparebanken Sogn og Fjordane ein utlånsvekst på 7,3 prosent til private og 3,8 prosent i bedriftsmarknaden.

Les børsmelding frå Sparebanken Sogn og Fjordane her

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,68 5,00 %
Arctic Bioscience 15 3,45 %
Havila Shipping 15,02 1,90 %
Statt Torsk 2,27 1,34 %
Havila Kystruten 19,15 1,32 %
Hav Group 14 1,30 %
Nortel 18,8 0,53 %
Norva 24* 38,025 0,11 %
Hofseth Biocare 3,67 0,00 %
Endúr 24,445 -0,22 %
Salmon Evolution 9,03 -0,88 %
Hexagon Composites 31,8 -1,43 %
Hexagon Purus 27,68 -1,49 %
Sparebanken Møre 75 -1,96 %
Havyard Group 3,84 -2,66 %
Atlantic Sapphire 20,8 -4,96 %
*Svenske kroner

Publisert: 10.08.2022 17:05

Sist oppdatert: 10.08.2022 17:12

Mer om