Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
NEDTUR: Fleirtalet av dei børsnoterte selskapa hadde kursfall på aksjane i dag og Atlantic Sapphire nådde ein ny botn. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Ny botnrekord

I løpet av dei siste fem handledagane på børsen har Atlantic Sapphire-kursen falle frå 17,4 til 11,50 kroner.

20.09.2022

Aksjekursutviklinga i år er elendig for investorane i Atlantic Sapphire.

Selskapet driv landbasert lakseoppdrett ved Miami i USA og er i gang med andre byggesteg på anlegget sitt.

Hittil i år har kursen falle heile 72,88 prosent, og selskapet er no verdsett til 1,8 milliardar kroner.

Så seint som i juni i år henta selskapet inn 1,2 milliardar kroner i ny eigenkapital til kurs 20,50 kroner aksjen, hovudsakleg for å finansiere andre byggesteg ved Miami.

Hadde investorane som satsa på selskapet då heller venta og kjøpt aksjar i dag kunne dei få nesten dobbel så stor eigarandel i selskapet for pengane sine.

Ved børsnotering i mai 2018 var aksjekursen i Atlantic Sapphire 47 kroner. Toppen blei nådd i februar 2021, då aksje var verdt 148,50 kroner.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 2,16 4,37 %
Sparebanken Møre 72,08 1,88 %
Salmon Evolution 8,28 0,85 %
Hexagon Composites 24,98 0,64 %
Nortel 20,00 0,00 %
Norva 24* 31,965 -0,16 %
Hofseth Biocare 3,44 -0,29 %
Havila Shipping 8,91 -1,22 %
Hav Group 11,18 -1,41 %
Hexagon Purus 19,11 -1,55 %
Endúr 24,39 -1,67 %
Statt Torsk 2,25 -2,60 %
Arctic Bioscience 13,55 -3,21 %
Havila Kystruten 17,55 -4,10 %
Atlantic Sapphire 11,5 -7,93 %
Havyard Group 3,015 -11,71 %
*Svenske kroner

Publisert: 20.09.2022 17:20

Sist oppdatert: 21.09.2022 01:53