Atlantic Sapphire-emisjon i boks
Fekk inn 1,2 milliardar.
Etter midnatt, natt til i dag, hadde det landbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire sikra seg 1,231 milliardar kroner i ny eigenkapital.
Selskapet sende ut børsmelding om kapitalutviding etter at børsen stengt i går, med frist til klokka 08:00 i dag for å kome i mål.
Emisjonskursen var ikkje sett på førehand, og aksjekursen måtte ned i 20,50 kroner per aksje for å få kapitalutvidinga på plass.
Kursfall
Då børsen stengte i går var aksjekursen i Atlantic Sapphire 22,20 kroner per aksje, som verdset selskapet til to milliardar kroner.
Emisjonskursen er 7,7 prosent under gårsdagens børskurs.
Ved børsnotering i mai 2018 var aksjekursen i Atlantic Sapphire 47 kroner. Toppen blei nådd i februar 2021, då aksje var verdt 148,50 kroner.
Deretter har det gått nedover i rykk og napp, med botnrekorden sett 20. mai i år med 18,60 kroner per aksje.
Utvide
Pengane frå kapitalutvidinga skal finansiere andre byggesteg av Atlantic Sapphire sitt landbaserte lakseoppdrettselskap ved Miami i Florida i USA.
Atlantic Sapphire har hovudkontoradresse i Vestnes, men hovudaktivieten er i USA.
Blant investorane forplikta seg til å vere med på kapitalutvidinga er moldensaren Kjell Bjordal. Hans investeringsselskap, Norsk Landbrukskjemi, skal gå inn med 12 millionar kroner, skriv Atlantic Sapphire i ei børsmelding i går ettermiddag.
Publisert: 29.06.2022 07:27
Sist oppdatert: 29.06.2022 07:57