Børsdagen: Norsk krone styrka av oljeprishopp
For hydrogenselskapet Hexagon Purus gjekk det bratt andre vegen.
Børshandelen måndag var prega av at oljeprisen steig rett til vers etter at store OPEC-aktørar gjekk ut med kutt i produksjonen.
Ved opningstid steig prisen på nordsjøolje til 5,36 prosent og vart handla for 84 dollar per fat. Ved stengetid var prisen for eit fat nordsjøolje opp meir enn 6,2 prosent til 84,70 dollar.
Hovudindeksen på Oslo børs enda på 1.208,60 etter ein oppgang på 1,26 prosent.
Rystad Energy trur OPEC-kutta kan gjere at oljeprisen kan stige til over 100 dollar fatet store delar av 2023, ifølgje ei melding frå Reuters. Energianalytikar Nadia Martin Wiggen i Pareto Securities er meir forsiktig når ho uttalar seg til E24.no, men trur på prisar opp mot 100 dollar.
Ho påpeiker samtidig at den norske krona var den første valutaen i verda som styrka seg etter kuttet blei kjent.
Ingen av selskapa frå Nordvestlandet utmerka seg på vinnarlista måndag.
Hexagon Purus-aksjen sank derimot tosifra og var ned 10,15 prosent til 23,45 kroner då handelen stengte. Hydrogenselskapet med base i Ålesund er verdsett til 6,49 milliardar med dagens sluttkurs.
I starten av mars i år henta Hexagon Purus inn 500 millionar kroner i ny eigenkapital og 800 millionar i eit konvertibelt obligasjonslån.
Kort etter børsslutt melde Havila Kystruten om ei ny utsetting for første seglas med skipet Havila Polaris.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag | |
Havila Shipping | 16,2 | 3,33 % | | |
Hav Group | 11,4 | 3,26 % | |
Arctic Bioscience | 11,35 | 3,18 % | |
Norva24 Group * | 29,85 | 2,93 % | |
Golden Energy Offshore Services | 1,114 | 2,67 % | |
Sparebanken Møre | 79,7 | 2,51 % | |
Nortel | 30,6 | 2,00 % | |
Endúr | 47,8 | 1,70 % | |
Hofseth Biocare | 2,6 | 0,78 % | |
Statt Torsk | 1,095 | 0,00 % | |
Havila Kystruten | 9,46 | -0,42 % | |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,22 | -0,92 % | |
Atlantic Sapphire | 5,56 | -1,94 % | |
Salmon Evolution | 8,05 | -3,01 % | |
Hexagon Composites | 32,24 | -3,18 % | |
Hexagon Purus | 23,45 | -10,15 % | |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen. |
Publisert: 03.04.2023 16:42
Sist oppdatert: 03.04.2023 17:09