Havila Capella ved Tersan montasje bent Martini foto Havila Kystruten Marius Rosbach 111
FORSEINKA: Havila Kystruten-sjef Bent Martini må nok ein gong sende ut melding om forseinka oppstart for eitt av skipa deira. Foto: Havila Kystruten Marius Rosbach
Nytt

Kystruten melder om nok ei utsetting

Må utsette jomfruseglasen for skip nummer tre - igjen.

Marius Rosbach
03.04.2023

Havila Kystruten melder måndag etter børsslutt om nok ei utsetting for dei første seglasane for skipet Havila Polaris.

Reiarlaget viser til tidlegare meldingar om utsett oppstart for rundreisene med skipet Bergen-Kirkenes.

No er første seglas planlagt 10. mai.

Selskapet beklagar igjen sterkt konsekvensane for passasjerar og lokalbefolkning langs kysten, heiter det i meldinga.

Havila Polaris er tredje skipet selskapet får overlevert frå Tersan-verftet i Tyrkia.

Herøy-reiarlaget slit med å få frigitt skipet, sjølv om Havila Kystruten før jul fekk godkjent at ein får løyst både Havila Polaris og Havila Pollux frå bindingane til den opphavelege russiske långivaren.

Bakgrunnen for den siste utsetjinga er at Havila Kystruten treng lisens frå «Central Bank of Ireland» for å innløyse gjelda og få frigjort sikkerheita som er knytta til skipa.

Lisensen er framleis ikkje motteke, ifølgje måndagens børsmelding.

Publisert: 03.04.2023 17:05

Sist oppdatert: 14.04.2023 13:53

Mer om