Christian pritchard nortel 11
Christinan Pritchard er medgrunnleggar , medeigar og dagleg leiar i mobiltelfonselskapet Nortel i Ålesund.
Nytt

Børsdagen: Nortel på topp

Mobiltelefoniselskapet Nortel blei dagens børsvinnar av selskapa på Nordvestlandet.

04.08.2022

Frå ein aksjekurs på 24 kroner ved børsnotering i november 2020 steig kursen i Nortel til 28, 30 i slutten av november i fjor. Fram til starten av januar i år låg aksjekursen like under det nivået, før kursutviklinga blei negativ.

Den negative utvikling varte ti i mai i år då Nortel-aksjar handla til 16 kroner aksjen på det lågast, før det i rykk og napp tok til å gå svakt oppover.

I dag steig kursen til 18,70 kroner aksjen, opp 3,31 prosent sidan i går og 17 prosent over botnnoteringa. Dagens kurs verdset Nortel til 352 millionar kroner.

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,5 prosent i dag og fleirtalet av dei børsnoterte selskapa på NETT NO si oversikt hadde kursfall i dag.

Selskapet Bagid hadde offisiell start på kapitalinnhentinga sin i går. Minstemålet for selskapet er å hente inn 9,5 millionar kroner i ny eigenkapital . Det målet vart akkurat passert i dag. I beste fall håpar bagasjebrikkeselskapet i Ålesund å hente inn 22 millionar kroner.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Nortel 18,7 3,31 %
Endúr 24,25 1,93 %
Hexagon Composites 33,66 1,75 %
Arctic Bioscience 15 1,69 %
Hexagon Purus 29,96 1,08 %
Hofseth Biocare 3,7 0,27 %
Sparebanken Møre 74,5 0,00 %
Norva 24* 36,28 -0,38 %
Havyard Group 3,86 -0,64 %
Hav Group 13,78 -0,86 %
Salmon Evolution 9,09 -1,20 %
Atlantic Sapphire 22,5 -1,49 %
Statt Torsk 2,29 -1,72 %
Golden Energy Offshore Services 1,63 -2,69 %
Havila Kystruten 18,8 -4,33 %
Havila Shipping 15,32 -5,78 %
*Svenske kroner

Publisert: 04.08.2022 16:55

Sist oppdatert: 04.08.2022 17:24