Hege Sævik Rabben dåp Havila Capella foto Ogne
FEKK MEDHALD: Havila Kystruten som no har to skip i drift, og snart ventar sitt tredje, fekk medhald frå den britiske retten i striden med det spanske verftet som først skulle bygge to av skipa. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Børsdagen: Null effekt av siger verdt 450 millionar

Verftsdom gav ikkje gevinst for Kystruten-aksje. Eit anna selskap frå regionen utmerka seg på vinnarlista.

Marius Rosbach
16.12.2022

Havila Kystruten kunne fredag notere seg for ein betydeleg siger i striden med det spanske Barreras-verftet. Reiarlager frå Herøy fekk fullt gjennomslag og blei tilkjent kring 450 millionar kroner i dommen frå den britiske domstolen.

Aksjekursen hadde allereie starta dagen med eit fall på over tre prosent, og steig ikkje etter nyheita blei kjent.

Kort tid før børsen stengde, var aksjen ned 3,61 prosent til 18,70 kroner.

Arctic Bioscience-aksjen hadde derimot ein sterk dag med ein oppgang på 11,54 prosent til 14,50 kroner. Oppturen førte aksjen mot toppen av vinnarlista på Oslo børs, men skjedde etter handel med lågt volum.

Verst av selskapa frå Nordvestlandet var utviklinga for Hexagon Purus-aksjen, som fall 7,11 prosent til 23,78 kroner.

Reiarlaget Golden Energy Offshore fekk også ein nedtur og investorane sende aksjen ned med meir enn 7 prosent i løpet av dagen. Kort tid før stengetid, henta den seg inn att og dagen enda med eit fall på 2,77 prosent.

Hovudindeksen på Oslo børs peika nedover frå start og falt utover dagen. Oljeprisen peika bratt ned og hadde falt meir enn 2,9 prosent ved stengetid. Då vart eit fat olje prisa til 79 dollar.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Arctic Bioscience 14,5 11,54 %
Hofseth Biocare 2,59 4,44 %
Sparebanken Møre 75,14 0,86 %
Hav Group 9,4 0,53 %
Havila Shipping 11,28 0,18 % |
Nortel 20,6 0,00 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,075 -0,32 %
Endúr 34,395 -0,98 %
Statt Torsk 1,72 -2,27 %
Golden Energy Offshore Services 1,405 -2,77 %
Norva24 Group * 31,98 -2,80 %
Salmon Evolution 8,39 -3,23 %
Havila Kystruten 18,7 -3,61 %
Atlantic Sapphire 7,485 -4,04 %
Hexagon Composites 30,14 -4,80 %
Hexagon Purus 23,78 -7,11 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 16.12.2022 16:15

Sist oppdatert: 16.12.2022 16:55

Mer om