Barreras kystruten innfelt per sævik foto faro de vigo havila 11
RETTSSAK: Havila Kystruten og Per Sævik fekk fullt medhald i rettstvist mot det spanske Barreras-verftet. Foto: Faro de Vigo/Kjetil Haanes
Nytt

- 450 millionar kroner er ein betydeleg sum for eit selskap som vårt

Havila Kystruten vann fram mot spansk verft. Gledeleg, men ikkje overraskande, meiner Per Sævik.

16.12.2022

- Vi var optimistiske då vi avslutta rettsrunda i London i juli, men det er likevel ei stor lette å få ein dom der vi får fullt medhald på alle sentrale punkt.

Det seier styreleiar Per Sævik i Havila Kystruten etter å mottatt dom frå retten i London vedrørande tvisten med det spanske verftet Barreras og knytt til kansellering av kontraktene for bygging av to kystruteskip ved verftet.

I dommen blir reiarlaget tilkjend rundt 450 millionar kroner.

- Domen er på 160 sider, så vi har ikkje fått finstudert alt enno, seier Sævik.

Byggjearbeidet av dei to skipa vart stoppa etter at verftet fekk store økononomiske problem. Havila Kystruten valde til slutt å byggje dei to skipa ved Tersan-verftet i Tyrkia, der dei to første skipa til Havila Kystruten også er bygde.

Domen gir Havila fullt medhald i at kanselleringa som Herøy-reiarlaget foretok var rettmessig.

- Svært gledeleg

Dette inneber at Havila også har fått medhald i kravet mot garantisten på tilbakebetaling av innbetalte forskot under kontraktane.

Havila Kystruten opplyser at beløpet som skal tilbakebetalast, med tillegg av renter, er førebels kalkulert til rundt 450 millionar kroner.

Per Sævik seier at dette er svært gledeleg for selskapet.

- Å ha eller ikkje ha 450 millionar kroner er vesentleg for eit selskap som vårt. 450 millionar er ein betydeleg sum.

Frå 370 til 450 millionar
Det var hausten 2019 det blei klart at det spanske verftet hadde økonomiske problem og at bygginga av dei to første kystruteskipa risikerte å ende i havari.

Barreras kansellerte kontrakten 24. november 2019, men reiarlaget meinte kanselleringa var grunnlaus.

Kystruten kansellerte på sin side kontrakten med verftet 11. februar året etter - og tok ut søksmål for å få tilbake forskotet dei hadde betalt.

Kravet var opphaveleg på kring 36 millionar euro - kring 370 millionar - men med renter har det auka til om lag 450 millionar. Fordi avtalen er inngått under britisk jurisdiksjon, vart tvisten handtert i England.

- Brukte pengar på andre prosjekt
Verftet har tidlegare hevda at reiarlaget bidrog til dei økonomiske problema, men det vart kontant avvist frå Herøy-selskapet.

Tvert i mot meinte tidlegare Kystruten-sjef Arild Myrvoll at verftet hadde brukt pengane deira på andre prosjekt. I tillegg til Per Sævik og ein av advokatane, var Myrvoll kalla inn som vitne i rettssaka.

Retten har også fritatt Havila for erstatningskrav som Barreras hadde fremma.

Høge advokatutgifter
Rettstvisten har kosta. Per Sævik reknar med at Havila Kystruten har brukt minst 20 millionar kroner på advokatar og anna bistand.

Han opplyser at garantistar for Barreras i hovudsak er eit spansk forsikrinsselskap, medan eit portugisisk forsikringsselskap har ein liten del.

Domen er ikkje rettskraftig.

Publisert: 16.12.2022 13:36

Sist oppdatert: 16.12.2022 19:11

Mer om