Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11
PÅ LAND: Atlantic Sapphire driv oppdrett i eit landsbasert oppdrettsanlegg ved Miami i Florida. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Ny botnnotering for Atlantic Sapphire

Fall ned mot emisjonskurs.

20.03.2023

I førre veke fekk det landbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire inn 587 millionar kroner i ei kapitalutviding til fem kroner aksjen.

På det lågaste i dag vart aksjane i Atlantic Sapphire handla til 5,13 kroner aksjen, og ved børsslutt var kursen 5,34 kroner. Det ned 3,44 prosent sidan fredag i førre veke og er den lågaste kursen aksjen har hatt sidan børsnoteringa i 2018.

Kapitalutvidinga i førre veke vart gjort gjennom ein såkalla retta emisjon, der typisk berre ein fåtal større investorar får vere med - som ofte er dei aksjonærane som er størst frå før.

Resten av aksjonærane får sjansen til å bli med i ein såkalla reparasjonsemisjon - til same kurs. På den måten kan dei oppretthalde sin eigarandel, eller i det minste delvis oppretthalde kor stor andel dei skal eige i selskapet.

Blir reparasjonsemisjonen fullteikna får Atlantic Sapphire ytterlegare 100 millionar kroner i ny eigenkaptial.

Men om kursen fell under emisjonskursen, som i dette tilfellet er fem kroner aksjen, er det ikkje noko poeng i å delta i reparasjonsemisjonen.

Då er det billegare å kjøpe aksjar på børsen. Konsekvens då er fort at reparasjonsemisjonen blir avlyst og selskapet ikkje blir tilført dei pengane reparasjonsemisjonen skulle gi.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Sparebanken Møre 81,73 2,26 %
Havila Kystruten 9,76 1,88 %
Hexagon Composites 35,66 0,45 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,14 0,32 %
Norva 24* 30,38 0,13 %
Statt Torsk 1,13 0,00 %
Hexagon Purus 25,62 -0,16 %
Arctic Bioscience 11,80 -0,42 %
Havila Shipping 15,38 -1,66 %
Hofseth Biocare 2,94 -1,67 %
Hav Group 11,10 -1,77 %
Golden Energy Offshore Services 1,10 -2,23 %
Salmon Evolution 7,69 -2,78 %
Atlantic Sapphire 5,34 -3,44 %
Nortel 32,80 -4,65 %
Endúr 42,10 -5,34 %
*Svenske kroner

Publisert: 20.03.2023 17:09

Sist oppdatert: 20.03.2023 19:20