Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
OPP: Hovudindeksen på Oslo Børs steig 0,08 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Ny botnnotering for Statt Torsk

Har falle 75 prosent i år.

05.06.2023

Investorane i Statt Torsk har hatt lite å glede seg over etter at selskapet vart børsnotert. Aksjekursen til selskapet har hatt ei fallande kurve heilt sidan selskapet vart notert på børsen i april 2021 og aksjane vart handla til kurs 3,30 kroner.

I år har kursfallet aksellerert og i dag fall kursen 9,79 prosent, til 42,4 øre. Det er den lågaste kursen selskapet har hatt ved børsslutt.

Selskapet sende i dag ut innkalling til ei ekstraordinær generalforsamling for å velje Synnøve Åhjem og Arne E. Karlsen innn i styret.

Dessutan forslår styret at den ekstraordinærer generalforsamlinga skal trekke tilbake fullmakta styret har hatt til å kjøpe inntil 21.216.910 eigne aksjar til selskapet, "som følge av Selskapets gjeldende
økonomiske stilling".

Les børsmelding her

At selskap kjøper tilbake eigne aksjar er som regel med å på løfte aksjekursen. Når selskapet no ikkje lenger skal gjere det, blir det ein faktor mindre som kan bidra til å løfte kursen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Atlantic Sapphire 5,97 8,74 %
Havila Kystruten 3,80 7,04 %
Arctic Bioscience 11,00 3,29 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,20 2,56 %
Norva 24* 27,40 2,43 %
Hav Group 10,05 2,34 %
Havila Shipping 14,30 1,42 %
Hexagon Purus 24,40 0,83 %
Salmon Evolution 6,99 0,43 %
Sparebanken Møre 75,90 0,29 %
Golden Energy Offshore Services 1,00 -0,10 %
Hexagon Composites 27,82 -1,28 %
Nortel 32,00 -1,84 %
Hofseth Biocare 2,94 -3,29 %
Endúr 39,70 -5,25 %
Statt Torsk 0,42 -9,79 %
*Svenske kroner

Publisert: 05.06.2023 16:53

Sist oppdatert: 05.06.2023 16:53

Mer om