Oslo børs
FALL: Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,3 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Ny botnrekord for Hexagon Purus

For tre år sidan var selskapet ti gangar meir verdt enn i dag.

29.01.2024

Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Ved børsnoteringa i desember 2020 var selskapet verdsett til 40 kroner aksjen.

Hydrogen kan lagast ved å spalte vatn i hydrogen og oksygen ved elektrolyse. Kjem elektrisiteten frå vasskraft eller andre fornybare energikjelder er det en energiberar som ikkje gir utslepp av CO2. I 2020 og starten av 2021 var alt som var grønt i vinden på børsen, så også Hexagon Purus.

Kursen gjekk rett til vers og nådde toppen, 82,10 kroner aksjen allereie 8. januar 2021.

Med unntak av eit par oppturar undervegs har kursutviklinga gått feil veg sidan. I dag fall kursen 8,97 prosent, til 8,12 kroner kroner aksjen.

Det er ny bortrekord, og verdset selskapet til 2,2 milliardar kroner.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Salmon Evolution 7,20 3,45 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,26 2,19 %
Golden Energy Offshore Services 1,40 1,01 %
Hav Group 11,70 0,86 %
Hofseth Biocare 2,58 0,00 %
Havila Shipping 5,45 0,00 %
Havila Kystruten 0,72 -0,28 %
Sparebanken Møre 85,24 -0,32 %
Arctic Bioscience 10,45 -0,48 %
Norva 24 Group* 27,70 -0,72 %
Hexagon Composites 23,90 -2,21 %
Endúr 39,90 -2,68 %
Atlantic Sapphire 1,67 -5,23 %
Hexagon Purus 8,12 -8,97 %
Statt Torsk 0,53 -14,24 %
* Kurs i SEK

Publisert: 29.01.2024 16:55

Sist oppdatert: 29.01.2024 16:55