Investorane tek ikkje akkurat bølgja etter at Arctic Bioscience før helga melde om «oppmuntrande resultat» for ein studie av eitt middel mot hudsjukdomen psoriasis.
Etterpå gjekk kursen litt oppover, men nådde aldri over fem kroner aksjen.
Måndag og tysdag har det vore to baktunge dagar der kursen har peika ned i staden for opp. Kort tid før handelen stengde tysdag var kursen nede i 3,60 kroner, men henta seg litt inn rett før stengetid.
Sluttkursen enda på 3,90 kroner – ned 4,88 prosent og dagens tapar av selskapet med adresse på Nordvestlandet.
Dagens vinnar frå regionen vart Sparebanken Møre, som bikka over 100 kroner per eigenkapitalbevis i løpet av dagen.
Oljeprisen hadde en ny tung dag og eit fat nordsjøolje låg ved stengetid under 64 dollar.
Hovudindeksen på Oslo børs slutta tysdag opp 0,33 prosent på 1472,35 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,90 | -4,88 % |
| Atlantic Sapphire | kr 6,71 | -1,38 % |
| Endúr | kr 81,00 | 0,00 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 17,70 | -0,84 % |
| Hav Group | kr 6,68 | 0,00 % |
| Havila Kystruten | kr 1,07 | 2,40 % |
| Havila Shipping | kr 1,23 | 0,41 % |
| Hexagon Composites | kr 20,10 | 0,25 % |
| Hexagon Purus | kr 2,00 | 1,96 % |
| Hofseth Biocare | kr 1,93 | 1,85 % |
| Norva 24 Group* | 36,40 kr | 0,14 % |
| Romsdal Sparebank | kr 120,98 | -0,82 % |
| Salmon Evolution | kr 6,13 | 1,66 % |
| Sparebanken Møre | kr 101,90 | 3,19 % |
| * Kurs i SEK | ||
Publisert: 29.04.2025 17:24
Sist oppdatert: 30.04.2025 16:49






