Kongsberg maritime ulsteinvik mars 2020
POLULÆR: Staten eig akkurat over halvpartene av Kongsberg Gruppen og har dermed også fått den største verdistigninga. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Ny rekord for Kongsberg-aksjen

Hopp på gode tal.

30.04.2024

Aksjekursen til Kongsberg Gruppen steig frå 765 til 793,5 kroner aksjen i løpet av få minutt etter at børshandelen opna i dag.

Ved børsslutt var kursen 786, opp 2,75 prosent frå mandag.

Selskapet la fra rekneskapen for 1. kvartal i dag tidleg. Det viste fram både vekst og auke lønsemd, i tillegg til at selskapet trur dei gode tidene skal halde fram.

Det er kombinasjonen av stor skipsbyggingsaktivitet, opprustning og teknologiutvikling for å reduserer CO2-utslepp som gjer at ordrereserven til Kongsberg Gruppen har nesten dobla seg på to år.

Hittil i år har aksjekursen til selskapet stige heile 68 prosent.

Attende i august 2019, like etter at Kongsberg Gruppen hadde kjøpt marinedivisjonen til Rolls-Royce og blitt ein stor arbeidsgivar på Nordvestlandet, var kursen til Kongsberg Gruppen nede i 100 kroner aksjen.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 6,65 10,65 %
Salmon Evolution 7,28 3,41 %
Endúr 48,95 2,41 %
Havila Kystruten 0,86 2,38 %
Hexagon Purus 5,30 2,12 %
Atlantic Sapphire 0,91 0,55 %
Golden Energy Offshore Services 1,87 0,54 %
Sparebanken Møre 84,92 0,50 %
Hav Group 8,94 0,00 %
Norva 24 Group* 25,70 -0,39 %
Arctic Bioscience 9,80 -0,51 %
Hofseth Biocare 2,03 -1,46 %
Hexagon Composites 16,78 -1,53 %
Romsdal Sparebank 107,50 -1,92 %
* Kurs i SEK

Publisert: 30.04.2024 10:58

Sist oppdatert: 30.04.2024 16:52