Kongsberg-vekst på alle frontar
Har nesten dobla ordereserven på to år.
Datterselskapet Kongsberg Maritime hadde oppdrag for 12,6 milliardar kroner ved utgangen av 1. kvartal 2022. Ved utgangen av 1. kvartal 2024 er ordrereserven 20,1 milliardar kroner, ifølgje børsmeldinga.
Sjå tabell under
Selskapet er mellom anna ein av dei største private arbeidsgivarane på Nordvestlandet etter at Kongsberg Gruppen overtok marinedivisjonen til Rolls-Royce 1. april 2019.
Omlag 1200 er tilsett på Kongsberg sine avdelingar på Longva, i Brattvåg, Ålesund, Hjørungavåg og Ulsteinvik.
Sjå opptak: Kongsberg Gruppen presenterer kvartalstala i webcast
– Tilnærmet fulle ordrebøker
Oppsvinget i marknaden har skote fart dei siste åra og styret i Kongsberg Gruppen trur marknaden vil vere god framover også:
"Mange
skipsverft har tilnærmet fulle ordrebøker for de nærmeste årene noe
som gjør at Kongsberg Maritimes ordrereserve strekker seg utover i
tid og sikrer god aktivitet. En generelt aldrende fartøysflåte og
strengere krav knyttet til utslipp, gir behov for fornyelse av flåten.", skriv styret i resultatpresentasjonen for 1. kvartal 2024.
Forsvar veks mest
Med 5,4 milliardar kroner i driftsinntekt i 1. kvartal 2024 er Kongsberg Maritime framleis det største datterselskapet i Kongsberg Gruppen.
Dotterselskapet Kongsberg Defence & Aerospace veks likevel raskast i konsernet. Der auka driftsinntektene frå 3,5 milliardar kroner i 1. kvartal 2023, til 4,9 milliardar kroner i 1. kvartal i år.
Ordrereserven auka frå 44 til 66 milliardar kroner i same periode. 35 milliardar av ordrereserven kjem frå divisjonen som byggjer militære rakettar. Den skal flytte produksjonen over i nye og meir effektive lokale etter at Kongsberg Gruppen har bestemt å investere 640 millionar kroner i auka produksjonskapasitet.
Kongsberg Gruppen ASA | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 11450 | 9090 |
Driftsresultat | 1463 | 1019 |
Resultat før skatt | 1433 | 988 |
Kongsberg Maritime as | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 5402 | 4624 |
Driftsresultat | 753 | 508 |
Ordreinngang | 6157 | 6999 |
Ordrereserve | 20053 | 19097 |
Publisert: 30.04.2024 07:32
Sist oppdatert: 01.05.2024 01:08