Atlantic sapphire fase 2 florida foto atlantic sapphire
FLORIDA: Atlantic Sapphire var tidlegare i år i gong med å bygge fase to av lakseoppdrettsanlegget i den amerikanske delstaten Florida. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Nytt botnnivå for laks på raud børsdag

Men eit hydrogenselskap fekk hardast medfart av selskapa frå nordvest.

Marius Rosbach
16.09.2022

Mykje gjekk i minus på Oslo børs fredag med eit kraftig fall for hovudindeksen på 2,43 prosent.

Atlantic Sapphire-aksjen nådde ny botnnotering og kursen fall 6,76 prosent til 14,48 kroner aksjen.

Lakseoppdrettarane har fått hard medfart på børsen dei siste vekene. I starten av august var kursen over 23 kroner, medan den ved inngangen av året låg kring 45 kroner. Torsdagens sluttkurs prisar selskapet til 2,2 milliardar.

Hexagon Purus var det selskapet frå Nordvestlandet som fekk det største fallet fredag. Aksjen gjekk ned med 9,39 prosent til 20,66 kroner.

I løpet av dagen opplyste hydrogenselskapet at dotterselskapet Wystrach GmbH hadde fått ei oppfølgingsordre på distribusjonsystem og mobile refyllingstasjonar til eit av Polens største elektroselskap. Verdien på kontrakten med ZE PAK Group er på 60 millionar – som gjer at totalverdien på avtalen kjem på 130 millionar kroner, ifølgje børsmeldinga.

Oppdrettsselskapet Statt Torsk hadde best utvikling av selskapa frå regionen med ei auke på 8,93 prosent til 2,44.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk 2,44 8,93 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 32,28 3,66 %
Sparebanken Møre 72,2 1,69 %
Hofseth Biocare 3,41 0,00 %
Nortel 20 0,00 %
Havila Shipping 10,06 -0,59 % |
Hav Group 11,8 -0,67 %
Hexagon Composites 25,68 -0,93 %
Endúr 26,79 -0,96 %
Havila Kystruten 18,35 -3,17 %
Salmon Evolution 8,48 -3,42 %
Golden Energy Offshore Services 2,17 -3,56 %
Havyard Group 3,2 -3,61 %
Arctic Bioscience 13,5 -4,93 %
Atlantic Sapphire 14,48 -6,76 %
Hexagon Purus 20,66 -9,39 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 16.09.2022 16:59

Sist oppdatert: 16.09.2022 17:28

Mer om