Børsdagen: Nytt Ekornes-lån på plass
Låner 1,2 milliardar kroner til over 11 prosent rente.
Ekornes QM Holding varsla 16. februar i år at selskapet vil betale attende dagens obligasjonslån på to milliardar kroner med ein kombinasjon av nytt obligasjonslån, nye banklån og ny eigenkapital.
No har meklarhusa DNB Markets og SEB fått investorar med på eit nytt obligasjonslån, melder Ekornes QM Holding i ei børsmelding.
Renta på lånet er åtte prosent pluss Nibor, ifølgje Ekornes-sjef Fredrik Ødegård Nilsen. Lånet skal betalast attende i 10. september 2026.
Nibor er renta bankane brukar på lån seg i mellom. I dag er Nibor på eit lån med tre månaders løpetid - som er den vanlegaste referansen - 3,31 prosent. Det betyr eit rente på den nye Ekornes-lånet på 11,31 prosent.
Obligasjonslånet på to milliardar kroner - som no skal betalast attende - har ei rente på sju prosent pluss Nibor.
Mindre gjeld - ny eigenkapital
Poenget med refinansieringa til møbelprodusenten er mellom anna å redusere gjelda.
Den kinesiske eigaren går inn med 350 millionar kroner i ny eigenkapital og etter at alle transaksjonane er gjennomført vil Ekornes ha redusert langsiktig gjeld frå i overkant av tre til omlag 2,8 milliardar kroner.
Dagens lån på to milliardar kroner er børsnotert. Det skal også det nye lånet bli.
Trist børsdag for Nordvestlandet
Børsdagen blei relativ trist for dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet fredag.
Endúr, som la fram 2022-tal i dag, steig 4,89 prosent, og var det eine av tre selskap i NETT NO sin oversikt som steig i verdi. Ellers er det minustal eller stillstand i kursen som pregar lista.
Havila Kystruten blei handla til 10 kroner, som er den lågast kursen har hatt ved børsslutt.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Endúr | 34,30 | 4,89 % |
Hexagon Purus | 31,92 | 0,57 % |
Sparebanken Møre | 84,50 | 0,31 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,85 | 0,00 % |
Nortel | 25,60 | 0,00 % |
Norva 24* | 31,98 | -0,68 % |
Hav Group | 9,98 | -0,80 % |
Salmon Evolution | 8,35 | -0,83 % |
Atlantic Sapphire | 7,19 | -0,90 % |
Statt Torsk | 1,43 | -1,38 % |
Hofseth Biocare | 2,69 | -1,47 % |
Arctic Bioscience | 13,00 | -1,52 % |
Havila Kystruten | 10,00 | -2,44 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,41 | -3,42 % |
Hexagon Composites | 35,68 | -4,55 % |
Havila Shipping | 16,80 | -5,08 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 24.02.2023 16:20
Sist oppdatert: 24.02.2023 17:50