Ruihai Zhao i Qumei Home Furniture Group foto OGNE
MEIR EIGENKAPITAL: Ruihai Zhao i Qumei Home Furniture Group blei Ekorneseigar i 2018 etter eit bod på 5,1 milliardar kroner. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ekornes-minus i fjerde kvartal

Vil låne 1,2 milliardar kroner i obligasjonsmarknaden. Kinesisk eigar går inn med meir eigenkapital.

16.02.2023

Ekornes QM Holding tok i mars 2019 opp eit obligasjonslån på to milliardar kroner for å refinansiere eit lån som blei gitt for å kjøpe alle aksjane i Ekorneskonsernet i 2018.

Obligasjonslånet forfell til betaling i oktober i år, men Ekornes QM Holding kan betale tilbake før. Det skal skje snart, som ein del av ei refinansiering der den samla gjelda blir redusert frå i overkant av tre til omlag 2,8 milliardar kroner.

Refinansieringa har tre element:
Den kinesiske eigaren går inn med 350 millionar kroner i ny eigenkapital.
Ekornes QM Holding tek opp eit nytt lån i obligasjonslån på 1,2 milliardar kroner, som skal betalast attende etter tre og eit halvt år.
Auka banklån.

DNB og SEB er leigd inn for å hjelpe Ekornes QM Holding med å få investorar som vil gi obligasjonslånet.

Les børsmelding om obligasjonslånet her

Minuskvartal
Ekornes-konsernet gjekk med 140 millionar kroner i underskot før skatt i fjerde kvartal (sjå tabell).

Les børsmelding om kvartalsresultatet her

Selskapet hadde som storparten av møbelbransjen ein boom under koronapandemien. Då pandemieffekten og smitteverntiltaka avtok kom inntektsfallet, samstundes som mellom anna krigen i Ukraina medverka til auka kostnadar.

4. januar i år varsla Ekornes store kutt. I Noreg mista 190 jobben, i Asia kutta selskapet frå tre til ein fabrikk og opptil 700 måtte slutte.

Kinesisk eigar
Kinesiske Qumei Home Furnishing Group, med Ruihai Zhao i spissen, kjøpte Ekorneskonsernet for 5,1 milliardar kroner i 2018.

Zhao og partnarne eig Ekornes QM Holding gjennom det Luxemburg-baserte selskapet Qumei Runto S.A.R.L. Den nye eigenkapitalen i Ekornes QM Holding blir betalt frå dette selskapet.

Ekornes QM Holding as
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt49284318
Driftsresultat356514
Resultat før skatt165338
Ekornes QM Holding as
4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt10761174
Driftsresultat-2689
Resultat før skatt-14041

Publisert: 16.02.2023 10:01

Sist oppdatert: 26.03.2024 20:02

Mer om