Njål sævik innfelt per ivar fagervoll foto kjetil golden energy 11
VERST START PÅ VEKA: Havila Shipping-sjef Njål Sævik og Golden Energy Offshore-sjef Per Ivar Fagervoll, hadde den tyngste starten av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet måndag. Foto: Kjetil Haanes/Golden Energy Offshore
Nytt

Børsdagen: Nytt kraftig fall

Berre to aksjar frå Nordvestlandet i pluss. Også amerikanske børsar stupte frå start.

Marius Rosbach
05.08.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Oslo Børs starta veka med eit nytt fall måndag, som var endå kraftigare enn fredag.

Hovudindeksen var ned kring fire prosent kort tid etter handelen starta. Litt etter klokka 11 var fallet redusert til kring 2,8 prosent - men dagen enda med 3,36 prosent i minus til 1361,58 poeng.

Også amerikanske aksjemarknader stupte då dei opna måndag ettermiddag norsk tid. Dow Jones-indeksen krympa med 2,8 prosent, medan Nasdaq fall 6,2 prosent og S&P 500-indeksen var ned 4,1 prosent i opningsminutta.

Nedgangen skjer etter eit kraftig børsfall i Asia, der Nikkei 225-indeksen i Tokyo stupte med 12,4 prosent - det verste børsfallet sidan 1987.

Allereie måndag ettermiddag kjem forventningane til innkjøpssjefen i amerikansk tenestesektor. Viss dei blir tolka negativt, vil dei truleg forsterke den negative stemninga som rår for tida.

Samtlege aksjar for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet fall frå start måndag.

Golden Energy Offshore og Havila Shipping fall mest av dei lokale selskapa i starten. Førstnemnte henta seg litt inn att eit par timer ut i handelen, medan pila peika vidare ned for Havila-reiarlaget.

Atlantic Sapphire slutta likevel dagen som børstaparen frå regionen med eit fall på 9,65 prosent til 5,15 kroner.

Då handelen slutta var det berre Salmon Evolution og Romsdal Sparebank frå regionen som hadde eit liten oppgang i løpet av dagen.

Kongsberg Gruppen var mellom tungvektarane på Oslo børs som fekk ein tung start, med eit fall på 3,95 prosent tidleg om føremiddagen.

Børsuroen som starta før helga etter skuffande jobbtal i USA, har auka frykten for resesjon. Børsar over store delar av verda fall i etterkant. Det same gjorde oljeprisen som ved stengetid måndag låg på 76,20 dollar fatet.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Romsdal Sparebankkr 111,401,44 %
Salmon Evolution kr 7,16 0,28 %
Arctic Bioscience kr 10,80 -0,92 %
Sparebanken Møre kr 83,00 -1,78 %
Norva 24 Group* 28,40 kr -2,24 %
Hofseth Biocare kr 2,00 -2,44 %
Romsdal Sparebank kr 110,00 -2,65 %
Havila Kystruten kr 0,90 -3,64 %
Endúr kr 55,30 -5,47 %
Golden Energy Offshore Services kr 26,60 -5,67 %
Hexagon Composites kr 28,20 -6,00 %
Hav Group kr 9,16 -7,47 %
Hexagon Purus kr 8,25 -8,33 %
Havila Shipping kr 4,90 -9,26 %
Atlantic Sapphire kr 5,15 -9,65 %
* Kurs i SEK

Publisert: 05.08.2024 09:52

Sist oppdatert: 05.08.2024 17:45