Christer Valderhaug Converto foto Ogne
NÆR BOTNNOTERING: Arctic Bioscience-sjef Christer Valderhaug har berre nokre få dagar tidlegare opplevd at aksjen til selskapet har vore mindre verdt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Nær ny botnnotering

Investorane sende Arctic Bioscience-aksjen ned etter rapportering. Sjå børstabell.

09.02.2023

Investorane verka ikkje å like talla Arctic Bioscience kom med tidleg torsdag.

Bioteknologiselskapet fortalde om kraftig auke i inntektene, men også større underskot i 4. kvartal.

Det gjorde at Arctic Bioscience-aksjen vart dagens børstapar av selskapa frå Nordvestlandet. Ein nedgang på 7,69 prosent sende aksjen ned til 10.20 kroner.

Det er nær botnnoteringane andre veka i januar i år, som var ned på 10 kroner.

Nortel hadde nok ein god dag. Selskapet vart dagens børsvinnar frå regionen og teleselskapet frå Ålesund nærmer seg ny toppnotering om tendensen held fram.

Hovudindeksen på Oslo børs enda med nedgang på 0,25 prosent etter ein jubeldag onsdag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Nortel 23,20 5,45 %
Endúr 30,88 5,18 %
Salmon Evolution 8,59 5,01 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,900 3,57 %
Norva 24* 34,84 1,57 %
Sparebanken Møre 83,00 1,10 %
Hav Group 9,50 0,21 %
Golden Energy Offshore Services 1,64 0,00 %
Havila Kystruten 10,15 0,00 %
Hexagon Purus 27,92 -0,14 %
Hofseth Biocare 2,69 -0,74 %
Havila Shipping 19,60 -2,00 %
Hexagon Composites 35,32 -2,54 %
Atlantic Sapphire 9,00 -4,26 %
Statt Torsk 1,41 -4,42 %
Arctic Bioscience 10,20 -7,69 %
*Svenske kroner

Publisert: 09.02.2023 16:33

Sist oppdatert: 09.02.2023 22:54

Mer om