I ei oppdatering for mai skriv offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services i Ålesund at selskapet hadde alle sine tre plattformforsyningsskip i fullt arbeid i mai, og at gjennomsnittsinntekta var på tilsaman 16.780 dollar dagen (186.761 kroner etter dagens kurs).
To fartøy, Energy Swan og Energy Empress, er utleigd på lange kontraktar. Det tredje, Energy Duchess, er utleigd i spotmarknaden eller på korte kontraktar.
Marknaden held fram med å betre seg, og Energy Duchess er i ein god posisjonen med for å dra nytte av sjansane som byr seg, skriv Golden Energy Offshore Services i ei børsmelding.
I aksjen var reaksjonen på børsmeldinga liten. Då børsmeldinga kom klokka 15:13 i dag var kursen til Golden Energy Offshore 0,97 kroner aksjen, og steig deretter til ei krone aksjen.
Artikkelen er oppdatert etter at børshandelen var over for i dag, mellom anna med tabell over kursutviklinga til børsnoterte selskap på Nordvestlandet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Atlantic Sapphire | 6,40 | 7,20 % |
Endúr | 41,40 | 4,28 % |
Havila Kystruten | 3,90 | 2,63 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,10 | 2,56 % |
Statt Torsk | 0,43 | 1,42 % |
Sparebanken Møre | 76,70 | 1,05 % |
Hofseth Biocare | 2,95 | 0,34 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,00 | 0,10 % |
Norva 24* | 27,40 | 0,00 % |
Hexagon Composites | 27,72 | -0,36 % |
Hexagon Purus | 24,20 | -0,82 % |
Salmon Evolution | 6,90 | -1,29 % |
Arctic Bioscience | 10,85 | -1,36 % |
Nortel | 32,00 | -1,84 % |
Havila Shipping | 14,00 | -2,10 % |
Hav Group | 9,80 | -2,49 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 06.06.2023 16:05
Sist oppdatert: 06.06.2023 16:47