Ofs
KAPITALUTVIDING: Investorane Jon Ove Stokke (t.v.) og Ronny Almenning har vore pådrivarar for det landbaserte oppdrettsanlegget ved Måløy. BIletet er frå 2021, like etter at eit utviding av det landbaserte anlegget var i gang. Til høgre dagleg leiar Trond-Inge Kvernevik. Arkivfoto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Børsdagen: OFS i mål med kapitalutviding

Nådde minstemålet siste dag før påskeveka - og Havila-reiarlag fekk rakettoppgang.

22.03.2024

Tidleg fredag mangla det landbaserte oppdrettselskapet OFS ved Måløy knappe fem millionar kroner på å nå minstemålet i kapitalutvidinga si, 56,25 millionar kroner.

I løpet av dagen vart målet nådd, og så langt har investorar teikna seg for 56,28 millionar kroner.

- Vi er i alle fall fornøgde med å ha kome i mål, seier styreleiar og medeigar Ronny Magne Almenning.

Siste frist
Pengane skal brukast til å finansiere investeringar i auka produksjonskapasitet, og i løpet av våren vil folk som køyrer forbi byggeaktivitet ved anlegget, ifølgje Almenning.

Kapitalutvidinga i selskapet starta før jul i fjor, med mål om at den skulle vere ferdig før året var omme. Så kjapt gjekk det ikkje. Fristen for å teikne seg har vore utsett fleire gangar, og no nærma selskapet seg den absolutt siste frist for kapitalutvidinga, 31. mars.

Sjølv om minstemålet er nådd, kjem Dealflow til å halde sjansen til å teikne seg open ut heilt fram til fristen.

Smoltløyve
OFS har ein konsesjon på å produsere 15.000 tonn laks i året.

Denne veka fekk selskapet også ja på søknaden om eigen settefiskkonsesjon, slik at den kan blir sjølvforsynt med smolt til anlegget.

Ronny Magne Almenning anslår at OFS har omlag 200 aksjonærar etter kapitalutvidinga, som er gjort gjennom selskapet Dealflow, eit selskap som har spesialisert seg på å kople mindre investeorar med selskap på pengejakt.

Artikkelen er oppdatert med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter børsslutt.

Havila Shipping børsvinnar
Havila Shipping blei dagens vinnar på børsen med ein kursoppgang på 40,79 prosent, til 5,35 kroner aksjen. Selskapet har ikkje sendt ut børsmeldingar sidan 4. mars.

Fredagen kurs verdset selskapet til 127 millionar kroner, og ligg 0,74 prosent under kursen ved starten av 2024.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 5,35 40,79 %
Endúr 43,90 2,81 %
Hofseth Biocare 2,23 2,77 %
Arctic Bioscience 9,80 2,08 %
Golden Energy Offshore Services 1,63 1,63 %
Salmon Evolution 6,33 1,12 %
Hexagon Purus 5,83 1,04 %
Romsdal Sparebank 113,00 0,89 %
Sparebanken Møre 90,80 0,27 %
Hexagon Composites 18,46 0,11 %
Hav Group 9,50 0,00 %
Norva 24 Group* 25,20 -1,37 %
Havila Kystruten 0,68 -2,02 %
Atlantic Sapphire 0,83 -7,25 %
* Kurs i SEK

Publisert: 22.03.2024 16:13

Sist oppdatert: 23.03.2024 07:27

Mer om