Nytt

Børsdagen: Oljepris-opptur

Prisen stig etter sanksjonsvarsel.

23.10.2025

Eitt fat Nordsjøolje passerte 65 dollar fatet i dag, og har stige neste sju prosent sidan starten av veka. 

Dei amerikanske sanksjonane mot dei to russiske oljegigantane Rosneft og Lukoil gjer at oljeprisen tek eit byks torsdag morgon, skriv NPK.

USAs finansminister Scott Bessent grunngav onsdag kveld tiltaka med «Putins motvilje mot å avslutta denne meiningslause krigen».

Dei amerikanske sanksjonane er venta å ha store effektar, spesielt når det gjeld Indias import av russisk olje, som er venta å falla til null, skriv nyheitsbyrået Bloomberg.

India byrja å importera olje frå Russland kort tid etter utbrotet av Ukraina-krigen, og ifølgje analysefirmaet Kpler har Russland stått for 36 prosent av all oljeimport til India.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Bioscience3,35-4,29 %
Atlantic Sapphire7,601,33 %
Endúr85,000,35 %
Golden Energy Offshore Services17,05-4,48 %
Hav Group 6,44  2,22 %
Havila Kystruten1,245-0,40 %
Havila Shipping1,200,84 %
Hexagon Composites9,472,05 %
Hexagon Purus1,68-1,18 %
Hofseth Biocare2,073,50 %
Tinde Sparebank123,002,50 %
Salmon Evolution5,260,57 %
Sparebanken Møre103,801,77 %
   

Publisert: 23.10.2025 10:43

Sist oppdatert: 23.10.2025 17:03