Oljeplattform i Norsjoen illustrasjonsfoto Odd Kristian Dahle Fiskebat
OPEC-AUKE: Operlanda varsla produksjonsauke. Det sende oljeprisen nedover, også for olje produusert i Nordsjøen. Illusttrasjonfoto: Odd Kristian Dahle.
Nytt

Børsdagen: Oljepris under 60 dollar fatet

Lågaste oljepris sidan februar 2021. Sjå børstabell for Nordvestlandet.

05.05.2025

Laurdag vedtok Opec-landa å auke produksjonen i juni med 411.000 fat om dagen. Det er årsaka til at prisen på eitt fat nordsjøolje måndag fall til under 60 dollar fatet for første gang på over fire år. 

Ved stengetid før Oslo børs var prisen for eit fat kring 59,70 dollar - ned kring 2,8 prosent i løpet av dagen.

Opec er oganisasjonen for oljeproduserande land og omfattar mellom andre Russland, i tillegg til arabiske land.

Finansselskapet Goldman Sachs anslår no at 60 dollar fatet blir gjennomsnittsprisen for nordsjøolje i 2025 og at gjennomsnittsprisen i 2026 blir 56 dollar fatet. Det er ei nedjustering frå høvesvis 63 og 58 dollar fatet, skriv Wall Street Journal.

15. januar i år vart nordsjøolje handla til over 81 dollar fatet. Det er så langt årets høgaste oljepris og prisfallet sidan då er på over 26 prosent.

Hovudindeksen på Oslo børs steig måndag med 0,31 prosent til 1514,89 poeng. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Bioscience  
Atlantic Sapphirekr                   6,60 -2,93 %
Endúrkr                86,00 1,42 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                17,50 1,45 %
Hav Groupkr                   6,80 0,00 %
Havila Kystrutenkr                   1,08 -1,37 %
Havila Shippingkr                   1,26 -0,40 %
Hexagon Compositeskr                18,82 -1,88 %
Hexagon Puruskr                   1,70 -7,15 %
Hofseth Biocarekr                   1,89 -3,08 %
Norva 24 Group*36,40 kr  -0,14 %
Romsdal Sparebankkr              125,00 2,88 %
Salmon Evolutionkr                   6,03 -0,17 %
Sparebanken Mørekr              100,00 -0,22 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 05.05.2025 09:24

Sist oppdatert: 06.05.2025 16:38

Mer om