Erik Høyvik CEO Eqva foto Ogne
I FOSNAVÅG: Erik Høyvik er sjef for Eqva, med hovudkontor i Fosnavåg. Verksemdene i konsernet ligg ved Sognefjorden og i Sunnhorland. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Opp frå botnen for Eqva

Det tidlegare Havyard-konsernet har vore på nedgåande kurs.

Marius Rosbach
06.10.2023

Eqva-aksjen var mellom dei som steig mest på ein ny raud dag på Oslo børs fredag, og mest av selskapa frå Nordvestlandet (sjå tabell under).

Kursauken på 10 prosent til 2,64 kroner aksjen kjem dagen etter aksjen nådde eit nytt botnnivå på 2,40 kroner torsdag.

Sett vekk frå ei kortvarig kursauke i vår, låg kursen rett over tre kroner før sommaren. Sidan har den bikka under 3-tallet.

Fredagens sluttkurs prisar selskapet til 190 millionar kroner.

Eqva heitte tidlegare Havyard Group. Selskapet er resultatet av at alle datterselskap i Havyard Group med unntak av skipsverftet Havyard Leirvik, vart skilt ut og lagt inn i Hav Group, som deretter vart børsnotert.

I august blei det kjent at konsernet vurderer å kvitte seg med Leirvik-verftet.

I tillegg til skipsverftet omfattar Eqva BKS Industri (Sunde i Kvinnherad), BKS VVS (Bergen), Zenit Engineering (Sunde), Marine Support (Storebø i Austevoll), BKS Power and Automation (Sunde) og Fossberg Kraft.

Konsernet er stort på levering av tekniske installasjonar, elektro og automasjonstenester og byggjer og driv småkraftverk gjennom Fossberg Kraft.

Hovudkontoret er framleis i Fosnavåg, men verksemdene er ved Sognefjorden og i Sunnhordland.

Hovudindeksen på Oslo børs sank på nytt fredag med 0,14 prosent til 1.251,27 poeng. Oljeprisen har gått vidare ned dei siste døgna og eit fat Brent-olje låg fredag ettermiddag på drygt 84 dollar fatet.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,64 10,00 %
Endúr kr 39,00 3,45 %
Hofseth Biocare kr 2,75 2,61 %
Norva 24 Group* 18,98 kr 1,28 %
Atlantic Sapphire kr 1,43 0,42 %
Salmon Evolution kr 6,16 0,16 %
Statt Torsk kr 0,60 0,00 %
Nortel kr 25,00 0,00 %
Havila Shipping kr 8,91 -0,11 %
Hexagon Composites kr 26,88 -0,37 %
Sparebanken Møre kr 77,11 -1,14 %
Hav Group kr 8,60 -1,15 %
Havila Kystruten kr 0,92 -2,74 %
Hexagon Purus kr 11,36 -4,86 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,21 -6,20 %
Arctic Bioscience kr 9,14 -6,92 %
* Kurs i SEK

Publisert: 06.10.2023 17:11

Sist oppdatert: 06.10.2023 17:11

Mer om