Havyard Leirvik foto Havnevik
KVA NO FOR HAVYARD LEIRVIK? Eqva-konsernet er i samtalar med fleire interessentar. Foto: Havnevik
Nytt

Havyard Leirvik i spel

Eqva ser etter partnar for samanslåing, eller kjøpar av verftet.

25.08.2023

Eqva - tidlegare Havyard Group - er allereie i samtalar med moglege interessentar og ventar å vere i mål med prosessen innan sekst til 12 månadar, skriv selskapet i delårsrapporten for 1. halvår.

Les børsmelding her

Det er heile forretningsområdet maritime services, der Havyard Leirvik utgjer hovuddelen, som skal seljast eller slåast saman med andre. Forretningsområdet maritime services sto for 23 prosent av driftsinntektene til Eqva i 1. halvår i år.

Tyngdepunkt i Sunnhordland
Eqva er resultatet av at storparten av verksemda i Havyard Group blei skilt ut og lagt inn i Hav Group, før Hav Group blei børsnotert.

Det som låg att i Havyard Group var i hovudsak skipsverftet ved Sognefjorden, Havyard Leirvik.

I mai 2022 kjøpte Havyard Group alle aksjane i HG Group og blei eigar av BKS Holding og Fossberg Kraft. Mykje av oppgjeret skjedde med aksjar i Havyard Group, slik at seljarane - Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien - blei dei nye storeigarane i Havyard Group - som etterpå skifta namn til Eqva.

Transaksjonen gjorde og at storparten av aktiviteten Eqva-konsernet foregår datterselskap i Sunnhordland og Bergen. Berre verftet i Leirvik og hovudkontoret i Fosnavåg har tilsette nord for Sognefjorden.

Gikk i minus
Forretningsområdet maritime services hadde 94,7 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på minus 7,7 millionar kroner i første halvår i år, ifølgje halvårsrapporten.

Havyard Leirvik fekk eit "markert fall" i ordreinngangen i andre kvartal og kutta kostnadar for å redusere tapa på grunn av inntektsnedgangen, ifølgje halvårsrapporten.

Verftet var opphavleg eit nybyggingsverft, men under Eqva har det berre satsa på marknaden for reparasjon, vedlikehald og ombygging.

Eqva ASA

1. halvår. I mill. kroner

20232022
Driftsinntekt427,4129,3
Driftsresultat5,3-8,1
Resultat før skatt-2,4-17,6

Publisert: 25.08.2023 08:48

Sist oppdatert: 25.08.2023 11:32

Mer om