Laks salmon evolution første slakting foto salmon evolution 11
GODE PRISAR: Salmon Evolution har fått rekordprisar for laksen dei sendte ut på marknaden i første kvartal. Illustrasjonsfoto: Salmon Evolution
Nytt

Børsdagen: Opptur for landbasert oppdrett

Selskapa frå regionen startar veka med mest minus.

Marius Rosbach
08.04.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Fleirtalet av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet fekk kursfall på Oslo børs måndag.

Havila Shipping og Hexagon Purus hadde den dårlegaste utviklinga med fall høvesvis 7,92 og 8,86 prosent.

Salmon Evolution var i den andre enden av skalaen, og vart måndagens børsvinner frå regionen.

Selskapet som driv med landbasert lakseoppdrett på Indre Harøy, steig meir enn sju prosent på formiddagen til over sju kroner aksjen. Kursen har også vore over sju kroner enkelte dagar i januar og februar, men elles må ein tilbake til i fjor sommar for tilsvarande nivå.

Ved stengetid hadde kursen falle litt tilbake, men oppgangen er framleis på meir enn fem prosent.

Oppgangen kom etter at selskapet melde at dei fekk omlag 108 kroner kiloen for oppdrettslaksen selskapet slakta i 1. kvartal. Det rekordhøge prisar og utgjer i inntekt på knappe 100 millionar. I fjerde kvartal i fjor var gjennomsnittsprisen 76 kroner kiloen.

I løpet av årets første kvartal blei i alt 901 tonn sløyd og hovudkappa laks, der 96 prosent var av toppkvalitet, sendt frå oppdrettselskapet og ut i marknaden.

Hovudindeksen slutta såvidt i minus på 1350,90 poeng, etter å ha vore i pluss store delar av dagen.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Salmon Evolution kr 6,96 5,30 %
Arctic Bioscience kr 10,40 4,00 %
Endúr kr 50,80 3,67 %
Havila Kystruten kr 0,74 3,23 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,62 1,25 %
Norva 24 Group* 25,70 kr -0,39 %
Hav Group kr 9,26 -0,43 %
Sparebanken Møre kr 84,53 -0,52 %
Romsdal Sparebankkr 108,02-0,88 %
Hofseth Biocare kr 2,03 -1,93 %
Hexagon Composites kr 19,00 -2,46 %
Atlantic Sapphire kr 0,84 -2,54 %
Romsdal Sparebank kr 110,00 -2,65 %
Hexagon Purus kr 6,75 -5,86 %
Havila Shipping kr 5,58 -7,92 %
* Kurs i SEK

Publisert: 08.04.2024 15:30

Sist oppdatert: 08.04.2024 17:10

Mer om