Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
MINUSDAG: Oljeselskapet Equinor veg tungt på børsen. I dag fall Equinor-aksjen 4,87 prosent. Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Opptur tysdag, nedtur onsdag

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 2,94 prosent.

22.06.2022

Dei stor svingingane for offshoreaksjane held fram. Tysdag var offshoreaksjane blant vinnarane, onsdag blant taparane.

Offshorereiarlaget DOF i Austevoll kom omsider med ei avklaring om gjeldsforhandlingane i selskapet etter stadig nye tidsfristar for å finne ei løysing.

DOF får gjort om 5,7 milliardar kroner i gjeld til aksjar, og dagens aksjonærar med Møgster-familien i spissen blir sittande igjen som småaksjonærar i selskapet.

Les børsmelding her

Konsekvensen for av refinansieringsframlegget er tydlegvis større enn dagens aksjonærar hadde sett for seg, for aksjen stupte 44,1 prosent i dag.

Eit regionalt selskap som ser ut til å få refinansiering på plass er Golden Energy Offshore, som no har tatt eit nytt steg mot å klare å overta eigarskapen i offshorefartøya Energy Empress og Energy Duchess. I dag leiger reiarlaget frå det kinesiske verftet ROC.

Golden Energy Offshore Services-aksjen fall 2,08 prosent.

Mobiltelekommunikasjonsselskapet Nortel melde om ei større kontrakt med statleg kunde i dag. Det vart godt mottatt og aksjen steig 2,98 prosent sidan i går, til 17,30 kroner per aksje.

Nortel gjekk på børs i november 2020. Første børsdag var kursen 22 kroner aksjen. Den førebelse toppen for Nortel-aksjen kom i slutten av september 2021, med 28,30 kroner aksjen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hav Group 15,48 4,88 %
Nortel 17,3 2,98 %
Atlantic Sapphire 22,44 2,28 %
Endúr 24,25 0,79 %
Havila Kystruten 18,75 0,54 %
Norva24 Group * 3,275 -0,23 %
Hofseth Biocare 3,76 -0,79 %
Sparebanken Møre 74,23 -1,03 %
Salmon Evolution 7,93 -1,25 %
Hexagon Composites 28,58 -1,58 %
Havyard Group 3,61 -1,77 %
Golden Energy Offshore Services 2,35 -2,08 %
Statt Torsk 2,29 -2,14 %
Hexagon Purus 27,74 -2,53 %
Havila Shipping 17,8 -6,81 %
Arctic Bioscience 14 -9,39 %
*I svenske kroner

Publisert: 22.06.2022 17:24

Sist oppdatert: 22.06.2022 23:18